Spesialisering i revmatologi ved Ålesund sjukehus

Om revmatologisk avdeling i Ålesund

Revmatologisk seksjon i Ålesund dekker heile Møre og Romsdal fylke med eit befolkningsgrunnlag på drøyt 260.000.

Vår seksjon omfattar sengepost, poliklinikk og dageining (infusjonseining). Sengeposten er ein såkalla "combined unit", slik at revmakirurgiske pasientar leggast inn hos oss. Sengeposten har 4 senger mandag - fredag, og 2 senger i helga. Ordinær arbeidstid er frå 08.00 - 16.00.

I 2018 hadde vi ca 10.000 polikliniske konsultasjonar, 358 innleggingar og 29 operasjonar.

På seksjonen jobbar det 5 faste overlegar, 1 konstituert overlege og 2 LIS (vanlegvis 4).

Seksjonen dekkar heile det revmatologiske spekteret av pasientar; frå artrittsjukdommar til bindevevssjukdommar og vaskulittar, samt artrose og osteoporose.

Dagen startar med eit morgenmøte kor ein diskuterer og drøftar problemstillingar knytt til innlagde pasientar. Fysioterapeut og ergoterapeut er med på morgonmøte for å drøfte tverrfaglege problemstillingar ein dag i veka. Kvar onsdag er det røntgendemonstrasjon.

Revmakirurg (ortoped) har poliklinikk i seksjonen ein dag i veka og inngår i tverrfaglege vurderinger av operasjonspasientar.

Infusjonseininga driftast i stor grad av sjukepleiarar med overlege som medisinsk ansvarleg. Alle overlegar og LIS deltar i vaktordninga. På dagtid blir førespurnadar frå fastlege svart ut, og ein tar hand om augeblikkeleg hjelp inkludert interntilsyn.

Etter arbeidstid kl 16.00 har vi beredskapsordning frå kl. 16.00 - 22.00 kor vakthavande lege må vere tilgjengeleg på telefon. Alle overlegar og LIS-legar deltar i beredskapsordninga. Kvar dag har ein av overlegane ansvar for supervisjon av LIS, og vedkommande overlege fungerer då også som bakvakt i tidsrommet 16.00 - 22.00 når LIS er primærvakt.

Legane jobbar ikkje på natta eller i helgene. Førespurnadar om inneliggande pasientar utenom beredskapsordninga går då til primærvakt på medisin, kirurgi eller ortopedi avhengig av probemstillinga.

Om utdanningsløpet

Utdanningsløpet inneber 2 år med indremedisin anten ved medisinsk avdeling i Ålesund, Volda, Kristiansund eller Molde eventuelt utanfor vårt helseføretak. I tillegg inneber det 2 år ved revmatologisk seksjon i Ålesund.

Du vel sjølv om du startar utdanningsløpet på indremedisin eller revmatologi. Det kan vere greit å vite at læringsmål for "revmatologisk indremedisin" ikkje samsvarar heilt med læringsmål for "indremedisin".

Spesialiseringsperioden skal vere i siste del av tenesta. Dette for å nyttiggjere seg av den målretta og tilpassa tenesta du vil få ved St. Olavs hospital (eller eit anna universitetssjukehus) i løpet av normert minstetid (12 mnd) der. Hensikta er at du skal få tilstrekkeleg volum av pasientar med sjeldne sjukdommar.

Total utdanningstid er 5 år, forutsatt at alle læringsmål er oppnådd.

Introduksjon av nye LIS

Du vil bli ønska varmt velkommen på første morgonmøtet! Deretter vil du få ei omvisning i avdelinga og bli introdusert for kollegaene. Du vil også få ei opplæringsplan via Kompetanseportalen.

Tenesta startar som regel på ein sengepost. LIS roterar ellers mellom sengepost og poliklinikk i bolker på ca 2 månadar. I sengeposten er overlege med på previsitt og visitt alle dagar (mandag - fredag). Som LIS ved revmatologisk seksjon vil du raskt få ansvar under supervisjon. Det er låg terskel for å be kvarandre om råd og veiledning, og alle LIS vi har hos oss opplever at det er enkelt å få supervisjon når dei treng det.

Du vil gå saman med ein overlege dei første 1 - 2 vekene i poliklinikk. Når du byrjar med sjølvstendig poliklinikk er det satt av rikelig med tid. Når du etter kvart når eit visst erfaringsgrunnlag vil du i samråd med rettleiar gå over til standard poliklinisk timeoppsett.

Internundervisning og kurs

Det er faste internundervisningsdagar mandag og torsdag frå kl. 08.15 - 09.00 i minst 35 veker per år. Undervisningsutvalget set opp undervisningsplan med utgangspunkt i læringsmål slik at alle store emner dekkast i løpet av ei 2-årsperiode. Obligatoriske kurs blir høgt prioritert. Ønsker om kurs meldast inn via Min Arbeidsplan og blir innvilga med få unntak forutsatt at det er meldt inn i god tid før kursstart.

Simulering og ferdighetstrening

Det er ferdighetstrening i praktiske prosedyrar som ultralyd av ledd (standardprojeksjoner), sener og seneskjeder, ultralydrettleia leddinjeksjon, ultralyd av kar (vaskulittsjukdommar), ultralyd av nerver (carpal tunnel syndrom) og ultralyd av spyttkjertlar (Sjøgren). Det er også satt opp HLR-kurs og brannkurs etter gjeldande forskrifter.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Revmatologisk seksjon har ein velfungerande supervisjonsordning, satt i system slik at overlege har satt av tid i vekeplanen til supervisjon av alle LIS. Tilbakemeldingane frå våre LIS er at supervisør (alle overlegar) er lett tilgjengeleg og lett å spørre om råd og hjelp til praktisk bistand. Supervisjon er høgt prioritert hos oss. Spesialistkomiteen har også trekt fram dette som eit kjenneteikn og kvalitetsstempel ved vår seksjon.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Seksjonen deltar i fleire forskarinitierte studiar. LIS oppfordrast til å vere med på disse. Ein av overlegane hos oss har PhD innan svangerskap og revmatisk sjukdom og rettleiar ein av våre LIS som har spesiell interesse for dette feltet.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet består av 2 overlegar og 1 LIS.

Utvalet har regelmessige møte der avdelinga sitt undervisningsopplegg blir planlagt og evaluert. Utvalet er også ansvarleg for innsending av rapport til sentrale myndigheiter.

Tillitsvalde

LIS-kollegiet har eigen tillitsvald som mellom anna følgjer opp arbeidsplanar.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga, ta kontakt med:

Karen Irgens, medisinsfagleg ansvarleg overlege - telefon 70 10 54 00
Kristin Mørkeseth, seksjonsleiar, telefon 70 10 54 00


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?