Spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan

Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) utgjerast av Ålesund behandlingssenter og Molde behandlingssenter. I Ålesund er det seksjon for avrusning, korttids døgnpost og poliklinikk. I Molde er det seksjon for langtids døgnpost og poliklinikk. Utdanning skjer ved både Ålesund og Molde behandlingssenter. Rus- og avhengighetsmedisin er ein spesialitet der heile utdanningsløpet kan gjennomførast i Helse Møre og Romsdal. Spesialiseringa vil ta minimum 5 år, der 4 år er teneste innan tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) og eit år er innan psykisk helsevern.

Illustrasjonsbilete

Avdelinga fokuserer på integrert tverrfagleg utgreiing og behandling av menneske med rusmiddelmisbruk og –avhengighet, med eller utan samtidig behandlingstrengande psykiatrisk sjukdom. Begge institusjonene er hovudsakleg fylkesdekkande for Møre og Romsdal i tillegg til at vi tek imot pasientar til innlegging også frå Trøndelag, samt andre gjestepasientar. Vurderingsinstansen er lagt til Ålesund behandlingssenter. LAR-pasientar geografisk heimehørande i Nordmøre og Romsdal blir fulgt opp ved poliklinikken i Molde medan poliklinikken ved Ålesund behandlingssenter har oppfølging av LAR-pasientane på Sunnmøre. Langtidsbehandling blir dekka av Molde behandlingssenter og er for øvrig og eit regionalt tilbod; Pasientar som innleggast etter tvang i henhold til §§§10-2, 10-3 og 10-4 i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester blir tatt imot frå heile regionen.

Molde og Ålesund behandlingssenter er organisert som ei avdeling med felles avdelingssjef og institusjonane utgjer såleis ei samla eining for TSB i Møre og Romsdal. Det er tett samhandling mellom seksjonane i avdelinga og fleire av pasientane har deler av si behandling ved seksjonane ved både Ålesund og Molde behandlingsenter i ulike faser av oppfølginga innan TSB. Det er tett fagleg og kollegialt samarbeid mellom legane ansatt ved TSB-seksjonane i høvesvis Ålesund og Molde, mellom anna med felles legespesifikk internundervisning og legemøte kvar veke.

Spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin ved Molde sjukehus


Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.