Spesialisering i rus- og avhengigheitsmedisin ved Ålesund sjukehus

Om avdeling for tverrfagleg spesialisert rusbehandling i Ålesund

Ålesund behandlingssenter er den største av einingane som utgjer Avdeling for tverrfaglig spesialisert rusbehandling (TSB) i Møre og Romsdal. TSB-seksjonane i Ålesund har avrusning med rusakuttfunksjon, døgnbehandling og poliklinikk, inkludert LAR. Vurderingsinstansen i avdelinga er og lagt til Ålesund behandlingssenter.

Vi har tre spesialistar i rus- og avhengighetsmedisin ved Ålesund behandlingssenter. Alle desse har dobbelspesialitet med enten voksenpsykiatri eller barne- og ungdomspsykiatri. Vi har og fem LIS fordelt på kvar av seksjonane. I tillegg er ein LIS frå Molde behandlingssenter mellombels 50 % ved seksjon for avrusning. Frå august 2019 får vi inn ein sjette LIS-lege, som frå før har spesialistkompetanse innan voksenpsykiatri.

Som LIS vil du inngå i 5-delt passiv forvaktordning med utrykning etter behov alle kvardager i tidsrommet 16-22. Overlegane dekker 3-delt bakvaktordning med telefonvakt i same tidsrom. Overlegane har og telefonvakt to timar kvar helgedag. Utover dette dekkast vaktfunksjonen av medisinsk avdeling som har telefonvakt.

Frå 1.september 2019 vil vaktsystemet bli endra der vi heile døgnet, heile veka, vil dekke vaktbehovet sjølv. Det blir da ei 7-delt døgnkontinuerleg forvakt som LIS dekker med heimevakt og utrykning etter behov på vanleg måte. Bakvakt held fram med 3-delt telefonvakt.

Om utdanningsløpet

Ved Ålesund behandlingssenter kan du få oppfylt alle læringsmåla i spesialiteten.

Fordeling mellom seksjonane vil vere omtrent som dette:
Avrusning: Minimum 12 månader
Poliklinikk inkludert LAR: Minimum 12 månader
Døgnpost utover avrusning (Korttids døgn): Minimum 6 månader
Valfri teneste innan avdeling for TSB: Minimum 18 månader

Vi har ikkje eit fast opplegg for gjennomføring som passer alle, men mest hensiktsmessig meiner vi det vil vere å starte med teneste ved seksjon for avrusning tidlig i spesialiseringa og poliklinikkteneste fortrinnsvis mot slutten. Kvar du startar vil naturleg nok og vere avhengig av kvar det er behov når du kjem og kva behov du har i di utdanning. Ved rotasjon mellom de ulike seksjonane er tidspunkt satt til høvesvis 1.september og 1.mars, men der dette naturligvis kan justerast etter individuelle behov. Halvtårsevalueringsmøta for den enkelte LIS blir sett opp i god tid før rotasjonstidspunkta slik at det blir enkelt å planlegge.

Spesialistutdanninga i rus- og avhengighetsmedisin består og av minimum eit års teneste i psykisk helsevern med minst eit halvt år i akuttavdeling eller ambulant akutteam. Tenesta elles er valfri mellom sengeavdeling, poliklinikk eller ambulant teneste i DPS, BUP eller sjukehusavdeling.

Aktuelle avdelinger for eit års teneste i psykiatri som del av spesialiseringen i rus- og avhengighetsmedisin vil vere:
Sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal
Sjukehuspsykiatri Sunnmøre
DPS Nordmøre og Romsdal
DPS Sunnmøre

Du skal i løpet av spesialiseringa ha 30 timar rettleiing i valfri spesifikk terapimetode (kognitiv, gruppe eller psykodynamisk). Denne rettleiinga skal få av rettleiar med rettleiarkompetanse i den aktuelle terapiforma.
 
Alt i alt utgjer dette ei samla minimums utdanningstid på 5 år, der minmum 4 av desse er innan rus- og avhengighetsmedisin og 1 år er innan psykisk helsevern.


Introduksjon av nye LIS

Som ny LIS vil du bli tatt imot av leiar for velkomst, introduksjon og omvisning. Du vil få relevant opplæring og innføring i dei viktigaste arbeidsoppgåvene og rutiner ved seksjonen av annen LIS/overlege. Dette inkluderer felles mottak, pasientsamtalar og vurderingar. I tillegg vil du som ny LIS bli introdusert for og få informasjon om rollefordeling/oppgåver i henhold til andre faggrupper ved seksjonen/avdelinga. Du vil etter kort tid få tildelt klinisk rettleiar og du vil så snart mogleg bli introdusert for vedkommande. Det er legemøte kvar veke, og ved første legemøte etter oppstart blir du introdusert for den øvrige legegruppa ved avdelinga.

Internundervisning og kurs

Den legespesifikke internundervisninga i rus- og avhengighetsmedisin skal vere av eit omfang som dekker to timar kvar veke. Nokre av temaene som framgår av læringsmåla er tilsvarande for læringsmål i den psykiatriske spesialistutdanninga. For desse temaene er det fellesundervisning med psykiatrisk avdeling. Dette vil dessuten bidra til at vi blir betre kjent med kvarandre og at spesialiteten blir knytt tettare opp mot spesialiteten i psykiatri. Det gjer det enklare for oss å komme i mål med betre samhandling for rusavhengige sitt samansette sjukdomsbilete.

Dei temaene som er spesifikke for vår spesialitet, dekkast av eiga internundervisning i avdelinga. Vi har i samband med dette også høve til å leige inn eksterne foredragsholderar for seminardagar ved avdeling i samråd med lokal leiing. Dette gjerast i visse høve i samarbeid med psykiatrisk avdeling. Vi har og anledning til å invitere kollegaer frå respektive somatiske avdelingar for å dekke opp tema innan somatisk komorbiditet.

Vi har litteraturmøte i avdelinga kvar veke. Dette varer i 30 minutt. Det er alternerande ansvar mellom LIS-legar og overleger å halde innlegg på desse møta. Tema vil vere aktuelle artiklar, retningslinjer og kompliserte kasuistikkar.

I samarbeid med St. Olavs Hospital har vi blitt einige om at psykofarmakologisk forum skal vere første torsdag i desember og juni månad. Dette gjennomførast ved St. Olavs Hospital og er obligatorisk for våre LIS-legar. I samband med dette vil det i forkant vere ein dag med felles russpesifikk internundervisning for aktuelle LIS-legar i regionen, der dei respektive utdanningsutvala saman organiserer undervisningsprogrammet. Samla vil dette delar av den obligatoriske internundervisninga i spesialistutdanninga. Dette vil og gi felles møtepunkt for legar i spesialiteten i vår region, noko som er nyttig for fagleg drøfting og kollegialt samarbeid.

Internundervisninga består altså av russpesifikk undervisning i vår avdeling, felles internundervisning med psykiatrisk avdeling, deltaking på psykofarmakologisk form, felles internundervisning med St. Olavs Hospital i samband med psykofarmakologisk forum, litteraturmøter i avdelinga kvar veke og eventuelle seminardagar.

Både LIS og overlegar bidreg med internundervisning ved dei ulike arenaene vi  har undervisning på. Det er utdanningsutvalet som set opp det konkrete programmet for kvart semester, i tillegg til at dei følger opp 4-årig undervisningsplan knytt opp mot læringsmåla.

Som LIS får du delta på nasjonalt anbefalte kurs nødvendig for å oppnå spesialiteten. I tillegg vil det bli lagt til rette for deltaking på andre relevante kurs. Det blir innvilga permisjon med løn og dekning av reiseutgifter som ikkje dekkast av Legeforeningens utdanningsfond III.

Simulering og ferdighetstrening

Vi har årlig førstehjelpskurs med instruktørar og simulering.

Det er lagt opp til jamlege konsultasjonar og pasientgjennomgang med overlege og/eller klinisk rettleiar med fokus på undersøking, utgreiing, vurdering og kommunikasjons-ferdigheter.

I faste legemøter og litteraturmøter kvar veke kan iblant diskuterast kompliserte og/eller andre relevante pasientkasuistikkar for å forbetre ferdigheter til alle legane ved avdelinga.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Ålesund behandlingssenter er i sin heilskap samla på eit geografis område. Det er ikkje stort og miljøet er oversiktleg. Det er korte avstandar og vi samarbeider tett både for faglege drøftingar, konsultering og kollegial støtte. Ved alle seksjonane i Ålesund er det regelmessig kontakt mellom deg som LIS-lege og overlege i det daglege, både ved morgonmøte/kardexmøte (ved døgneiningane), drøftingar av pasientkasus og annan ad hoc supervisjon. Vi legg til rette for felleskonsultasjoner og det er og tverrfaglege diagnose- og behandlingsmøter kvar veke. Supervisjonen skjer dermed parallelt med den vanlege kliniske kvardagen, og det er lav terskel for kontakt med meir erfaren kollega. I nokre aktuelle tilfeller gjennomførat supervisjon av andre faggrupper.

Rettleing og fagleg utvikling:
Du vil få tildelt rettleiar når du startar hos oss og denne er spesialist i rus- og avhengighetsmedisin. Det skal vere rettleiing kvar veke. Du skal få tilbod om oppstart av klinisk rettleiing så snart mogleg etter oppstart og seinast innan ein månad. Oftast vil rettleiar vere ved same seksjon som du tilhører, men av og til vil det ikkje vere slik. Ved eventuelt mista rettleiing grunna fravær blir dette tatt igjen. Skulle rettleiaren din vere borte over ei lengre periode, får du sjølvsagt ein ny rettleiar den perioden.

Du skal i tillegg til klinisk rettleiing og ha rettleiing i valt psykoterapimetode. Dette gjennomførast i samarbeid med psykisk helsevern.
Ein gong kvart halvår vil det vere individuelle evalueringsmøter for deg. Der deltek klinisk rettleiar, psykoterapirettleiar dersom du har starta med dette, seksjonsleiar, leiar av utdanningsutvalet, avdelingssjef og du. I desse møta diskuterast både fagleg progresjon og planlegging av vidare utdanning ut i frå den kompetansen du har oppnådd. I tillegg diskuterer vi tema som fungering, trivsel og faglege interesseområder. Den individuelle utdanningsplanen din blir og oppdatert. Hensikta er å sikre at du får gjennomført spesialiseringa di på ein god måte.

Det er sett av fast 4 timer fordjupningstid kvar veke. Det er viktig at denne tida nyttast til faglig fordjupning og ikkje forefallande avdelingsarbeid.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Ingen av legane ved avdelinga har PhD-grad eller er i PhD-løp. Ved Molde behandlingssenter er det tilsett ein forskingsrådgivar som har PhD, i tillegg til at vi har ein sosionom og ein psykolog som er i gang med PhD-løp.

Avdelinga ønsker eit aktivt forskingsmiljø og det vert lagt til rette for slik aktivitet dersom ønskeleg. Vi oppmuntrar legar til å delta i slikt arbeid. Det er tilsett forskingsrådgivar både ved Ålesund og Molde behandlingssenter. Vi vil og legge til rette for å opplæring i vitskapsteori, forskningsmetodikk og –etikk, samt moglegheit for deltaking i forskingsprosjekt og eventuelt eige PhD-løp. Forskingsmetodikk og kunnskapshandtering er og ein del av internundervisninga.

 Som LIS skal du delta i eit forbetringsprosjekt i avdelinga.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Avdeling for TSB har eit felles utdanningsutval. Utdanningsutvalet utgjerast av overlege frå Ålesund, som og er leiar av utvalet. I tillegg er det LIS-representant frå Molde, seksjonsleiar frå avrusningsseksjonen i Ålesund og poliklinikken i Molde, samt avdelingssjefen. Vi meiner det er heilt nødvendig at LIS-legane blir involvert i organisering og forbetring av LIS-utdanninga. Både deltaking i utdanningsutvalet, jamlege legemøter, årleg fellesevaluering av utdanningstilbodet og eit tett kollegialt samarbeid i det daglege mellom LIS-legar og overleger legger til rette for dette.

Utdanningsutvalet planlegg oppsett for og gjennomføring av internundervisning både i vår avdeling, men og i samarbeid med andre avdelingar. Utdanningsutvalet følger og med på at rettleiing gjennomførast som planlagt. Leiar for utdanningsutvalet deltek og ved halvtårsevaluering av LIS-legane.

Tillitsvalde

Dine interesser som LIS blir ivaretatt av avdelinga sin YLF-tillitsvalt. Ved behov er det eigne møter for LIS-legane for å diskutere aktuelle saker. Tillitsvalt er lett tilgjengeleg for LIS og det er lav terskel for kontakt ved eventuelle spørsmål. YLF-tillitsvalt og tillitsvalt for overlegane samarbeider tett. Det er elles eigen YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå og det er og tidvise møter for alle avdelingstillitsvalte ved sjukehuset.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanningen ta kontakt med:
Avdelingssjef Kari Marie Remø Nesseth, tlf.nr. 984 72 288.
Overlege Mariann Leikanger (utdanningsutvalget), tlf.nr. 920 95 881.
Overlege Aase Grebstad (medisinsk faglig rådgiver), tlf.nr. 986 00 587.
LIS Kenneth Swan (utdanningsutvalget), tlf.nr. 478 62 907.

(Sentralbord TSB-seksjonene i Ålesund: 70 17 13 00)


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.