Spesialisering i urologi ved Molde sjukehus

Om urologisk seksjon, kirurgisk avdeling Molde

Kirurgisk avdeling er ei fullseksjonert avdeling der urologisk seksjon utgjer ein av seksjonane, i tillegg til gastroenterologisk kirurgi og plastikkirurgi. Ved avdelinga er det 10-12 overlegar og 9 LIS-legar. Vi dekker kvardagsurologisk pasienttilbod til pasientane i Romsdalen, samt akuttilbodet innan urologi for heile Nordmøre og Romsdal, som utgjer eit nedslagsfelt på om lag 110 000 innbyggjarar. Det er felles generellkirurgisk vaktordning der LIS-legane går i 8-delt tilstadevakt med vaktdøgnet delt i to. Urologane deltek i bakvakt dersom dei ønsker. Avdelinga har og LIS1-legar som dekker primærvaktsjiktet.

Avdelinga har to kirurgiske sengepostar. Den eine av desse er delt mellom kirurgi og ortopedi. Vi disponerer 9 senger i lag med noko generell kirurgi, men det er glidande bruk av sengetal etter behov.

Urologisk seksjon tilbyr kvardagsurologi i form av poliklinisk utredning og behandling, dagkirurgisk behandling og operasjonar for inneliggande pasientar.
Vi har utstyr for transuretral kirurgi og laparaskopisk kirurgi, i tillegg til åpen kirurgi.

Om utdanningsløpet

Som LIS-lege hos oss får du god tilgang på kvardagsurologiske problemstillingar og god mengdetrening på basale ferdigheter. Vi legg opp til rotasjon mellom dei ulike seksjonane for å kunne få oppfylt læringsmål i del 2 felles kirurgi, og etterkvart meir tilpassa tid og arbeid på urologisk seksjon. Du vil trenge om lag 9-12 månader hos oss for å få oppfylt dei læringsmåla innan urologi vi tilbyr, i tillegg til at du treng nokre år på å kunne få oppfylt læringsmåla i del 2 felles kirurgi. Vi samarbeider med Ålesund og Kristiansund om utdanning slik at du må pårekne rotasjon til eit av desse sjukehus for å få oppfylt fleire læringsmål før du er klar for 1,5 år spesialiseringsperiode ved universitetssjukehus. Vi har avtale med St. Olavs Hospital i Trondheim om slik teneste.

Introduksjon av nye LIS

Nye LIS-legar som startar på avdeling får nødvendig opplæring i våre rutiner, dataprogram vi brukar med meir. Du får og følgevakter før du startar sjølvstendige vakter.

Ved seksjonen blir du raskt inkludert i miljøet og vi tilpassar opplæringa ditt behov.

Internundervisning og kurs

Vi har undervisning to dagar i veka, kvar gang over 45 minutt. Ein dag er det felles internundervisning for kirurgisk avdeling, med ein dag er urologisk undervisning, dette skjer som videoundervisning for alle urologiske seksjonar i fylket. Undervisning skjer ikkje i ferieperioder sommar og jul. Vi planlegg å dekke læringsmåla som det framgår av Kompetanseportalen, samt diskusjon rundt relevante kasuistikkar, artiklar og retningslinjer, både nasjonale og europeisk).

Det er forventa at du skal delta på nasjonale kurs som er anbefalte for spesialiteten og frå avdelinga er sett av 5 dagar kvart halvår til slik permisjon. Du får og ytterlegare permisjon dersom det passar med dei andre arbeidsoppgåvene du har.

Simulering og ferdighetstrening

Det er ein D-boks for å øve på laparaskopiske inngrep på avdelinga. Du får elles opplæring i alle prosedyrer før du gjer dei sjølvstendig med nødvendig supervisjon, og det er god tilgang på prosedyrer av ulike slag ved seksjonen.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Vi er ein liten seksjon og arbeider tett i lag. Det er god tilgang på både formell og uformell kontakt både for supervisjon og rettleiing.

Du får nødvendig opplæring og supervisjon ved prosedyrer fram til du gjer dette sjøvstendig. På sengepost er det felles previsitt med overlege, visitt av og til med supervisjon. Operasjonar blir assistert inntil dei kan gjerast sjølvstendig. Større inngrep er alltid teamarbeid. Som LIS-lege hos oss blir du alltid sett opp på alle operasjonar når du er ved seksjonen, utanom ved vakt og poliklinikk. Poliklinikken for LIS-legane våre planlegg vi til dagar som ikkje ordinært er operasjonsdagar slik at ein skal få med seg flest moglet inngrep. Ved poliklinikken arbeider ein sjølvstendig, men med tilpassa pasientgrupper og arbeidsmengde etter kompetansenivå. Det er god tilgang på overlege for råd og hjelp etter behov. Vi tilstreber at same lege utreder, behandlar og følgjer opp pasienten.

Rettleiing og fagleg utvikling:
Du får tildelt rettleiar når du starter. Saman med rettleiar skal du mellom anna lage ein plan for å få oppfylt krav til nasjonale kurs, samt deltaking på regionale/ nasjonale urologiske møter. Vi set av tid til rettleiing kvar månad.

Du får sett av tid til fordjuping tilsvarande 4 timar kvar veke. Det er og forventa at du deltek på alle faglege møter ved avdelinga.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi har ingen legar med PhD ved seksjonen. Det er ingen eigne pågåande forskingsprosjekt. Helse Møre og Romsdal har eiga forskingsavdeling som bistår med råd og rettleiing til dei som ønsker å drive forsking.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Utdanningsutvalet utgjerast av overlege og LIS-lege. Det er overlege som er leiar for utdanningsutvalet.

Tillitsvalde

Det er eigen YLF-tillitsvalt på avdelings-, sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål om spesialistutdanninga,  ta kontakt med:

Per Bjørnar Solevåg, overlege og spesialist i generell kirurgi og urologi.


Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.