Spesialisering i vaksenpsykiatri i Helse Møre og Romsdal

Offentleg utdanningsplan

Spesialistutdanninga i vaksenpsykiatri foregår ved alle dei fire sjukehusa i Helse Møre og Romsdal. Du må ha teneste innanfor ulike obligatoriske tenesteområde og vil gå i rotasjonsordning mellom desse. Nokre læringsmål må dekkast ved spesifikke seksjonar, medan mange læringsmål kan dekkast ved to eller fleire seksjonar.

Teamet som tilbyr medikamentfri behandling på DPS Vegsund.

Teamet som tilbyr medikamentfri behandling på DPS Vegsund.

Geografisk opererer vi med adskilte utdanningsløp der du enten går i rotasjon ved Molde og Kristiansund sjukehus eller ved Ålesund og Volda sjukehus. Ved Ålesund og Molde sjukehus kan heile utdanningsløpet gjennomførast, medan dersom du er LIS ved Volda og Kristiansund sjukehus er du avhengig av noko teneste ved Ålesund eller Molde sjukehus. Dersom det er ønske om å bytte mellom nord/sør-inndelinga er det mogleg.

Møre og Romsdal har om lag 260.000 innbyggjarar fordelt med litt mindre enn 50% i Nordmøre og Romsdal og litt meir enn 50% på Sunnmøre.  LIS i spesialistutdanning enten i Molde/Kristiansund eller i Ålesund/Volda vil møte heile spekteret av pasientar med ulike diagnosekategoriar innanfor psykiatrifaget.

Klinikk for psykisk helse og rus i Helse Møre og Romsdal er organisert med fem avdelingar. Til saman dekker desse heile tilbodet i spesialisthelsetenesta til befolkninga i Møre og Romsdal innan fagområda rusbehandling og vaksenpsykiatri.  Spesialistutdanninga i psykiatri foregår vanlegvis ved fire av avdelingane: Avdeling for distriktspsykiatriske senter Sunnmøre, avdeling for distriktspsykiatriske senter Nordmøre og Romsdal, avdeling for sjukehuspsykiatri Sunnmøre og avdeling for sjukehuspsykiatri Nordmøre og Romsdal.

​Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Volda sjukehus

Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Ålesund sjukehus

Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Molde sjukehus

Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Kristiansund sjukehus

Her finn du ei oversikt over alle våre spesialistutdanningar.

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.