Spesialisering i vaksenpsykiatri ved Kristiansund sjukehus

Om psykiatrisk avdeling i Kristiansund

Kristiansund DPS er ein del av Avdeling for distriktspsykiatri Nordmøre og Romsdal. Her skjer LIS-utdanning ved to seksjonar: Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund og Poliklinikk psykisk helse Kristiansund. Ved seksjon for døgnbehandling har vi 2 tilsette spesialistar og det er normalt 1-2 LIS her. Ved poliklinikken har vi 4 spesialistar i til saman 3,5 stillingar, i tillegg er det normalt 1 LIS her. Det er ikkje vaktordning for LIS i Kristiansund.

Om utdanningsløpet

Utdanningsløpet kan gjerast på mange ulike måtar og det er ikkje nokon standardmal for alle. Dette vert tilpassa både kva kompetanse du eventuelt har frå før, kva du manglar for å oppnå læringsmål og korleis vi får alt til å passe i hop. Det vil framgå av Kompetanseportalen kva læringsmål som kan oppnåast ved dei ulike seksjonane, og fleirtalet av læringsmål kan oppnåast ved fleire seksjonar. I tillegg vil ditt utdanningsløp også framgå av din individuelle utdanningsplan.

  • Læringsarena for læringsmål knytt til akuttpsykiatri er Akutt psykisk helse Molde eller Akutt psykisk helse Ålesund. Tenestetid her er minimum 12 månader. 
  • Læringsarena for læringsmål knytt til allmennpsykiatrisk poliklinikk er Poliklinikk psykisk helse Kristiansund, Molde, Ålesund eller Volda. Tenestetid er minimum 12 månader.
  • Læringsarena for læringsmål knytt til såkalla Eining for rehabilitering er ved følgande seksjoner: Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Døgnbehandling psykisk helse DPS Molde, Rehabilitering psykisk helse Hjelset(Molde), Døgnbehandling psykisk helse DPS Volda, Døgnbehandling psykisk helse DPS Sjøholt(Ålesund) og Døgnbehandling psykisk helse DPS Vegsund(Ålesund). Tenestetid er minimum 9 månader.
  • Læringsarena for læringsmål knytt til fordjupningsteneste gis ved følgande seksjonar: Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal(Molde) (fordypningstjeneste Alderspsykiatri), Alderspsykiatri Sunnmøre(Ålesund)(fordypningstjeneste Alderspsykiatri), Utredning og behandling psykisk helse Molde(fordypningsområde Korttidsintervensjon døgn), Poliklinikk psykisk helse Molde(fordypningsområde Traumebehandling) og Poliklinikk psykisk helse Ålesund(fordypningsområde Personlighetspsykiatri). Tenestetid er minimum 9 måneder.

Nye læringsarenaer kan kome til etter nærare søknad. Alternative læringsarenaer for fordjupningsteneste kan vere ved godkjend seksjon innanfor spesialiteten Barne- og ungdomspsykiatri ved dei respektive sjukehusa.
 
Resterande tenestetid kan takast valfritt som forlenga tid ved ein utvalt seksjon eller fordelt mellom fleire seksjonar.

LIS tilsett i Volda og Kristiansund må ta ein del av tenestetida ved høvesvis Ålesund og Molde sjukehus med høvesvis minimum 12 månader ved seksjon Akutt psykisk helse og minimum 9 månader ved seksjon godkjent for fordjupningsteneste. Resterande minimum 3 månader kan takast valfritt.  Som LIS ved eitt av desse sjukehusa må du også reise til høvesvis Molde og Ålesund for å dekke obligatoriske krav til psykoterapirettleiing og 70 timar årleg obligatorisk internundervisning.

Introduksjon av nye LIS

Vi sender skriftleg informasjon om spesialistutdanninga og seksjonane før første arbeidsdag. Da får du og informasjon om oppmøtetidspunkt og oppmøtestad. På den aktuelle seksjonen blir dei første dagane brukt til introduksjon og arbeidet det er forventa at du som LIS skal gjere der. Du får tildelt klinisk rettleiar og rettleiinga startar i løpet av dei første to vekene.

Så raskt som mogleg etter oppstart skal du delta på obligatorisk kurs i vurdering av sjølvmordsrisiko og aktuelt lovverk innan psykisk helsevern.

Internundervisning og kurs

Vi har felles internundervisning kvar veke på tirsdagar mellom kl 12 og kl 14 for LIS ved alle seksjonar i Molde og Kristiansund i minimum 35 veker i året. Vidare har vi såkalla litteraturmøte for både LIS-legar og spesialistar tirsdagar kl 14-15. Det blir då lagt fram ulik relevant litteratur, kliniske problemstillingar/kasuistikkar. Kvar 4.veke er det fokus på aktuelle organisatoriske saker. Vi har ein eigen plan 4-årig plan for internundervisning som dekker teorigrunnlaget for dei ulike læringsmåla. Hovudansvaret for LIS-undervisninga går på omgang mellom alle spesialistane tilsett ved seksjonane i Molde og Kristiansund. Det alternerer i undervisninga mellom at spesialistar underviser og at LIS-leger sjølv har framlegg.

Alle LIS oppmuntrast til å delta på dagsseminar og kurs i foretaket. Det er i tillegg obligatorisk deltaking på helseforetaket sitt etikkseminar. Som LIS får du fri med løn til deltaking på nasjonalt anbefalte grunnkurs i psykiatri, samt emnekurs og valfrie kurs etter behov. I tillegg kjem dei nasjonalt anbefalte kursa, samt moglegheit for deltakelse på eksterne kurs og kongresser. Både LIS og overlegar får støtte til å delta på viktige kurs.

Simulering og ferdighetstrening

Ferdigheter lærast best gjennom klinisk praksis på dei enkelte seksjonar. Det er ikkje lagt opp til eigen simulering eller ferdigheitstrening.

Supervisjon, rettleiing og fagleg utvikling

Alle våre seksjonar er små og oversiktlege og du vil arbeide tett ilag med spesialistane. Supervisjon av LIS inngår som ein del av arbeidsoppgåvene til den enkelte spesialist på dei enkelte seksjonar. Dette skjer i form av felles samtalar med tilbakemelding til deg, drøftingar på morgonmøte og teammøter, og diskusjonar knytt til enkeltpasientar. Supervisjonen vil vere tettare på døgnseksjonar og meir etter behov ved poliklinikkane.

Du får oppnemnd rettleiar innan 1-2 veker etter oppstart. Det blir sett av fast tidspunkt 1 time kvar veke for klinisk rettleiing. I ferier og ved fravær dekker andre spesialistar opp for fast rettleiar. Du vil bytte rettleiar når du roterer til ny seksjon.

Det er satt av tid tilsvarande 4 timar pr veke til fordjupningstid.

Dokumentasjon av oppnådde læringsmål

Dei einskilde læringsaktivitetane og læringsmåla vert fortløpande vurdert og dokumentert i Kompetanseportalen. Det er di oppgåve å registrere alle læringsaktivitetar du gjer. For å sikre at du som LIS oppnår fagleg progresjon og innfrir kompetansekrava i spesialistutdanninga, vil det verte gjennomført regelmessig kompetansevurdering. Det gjerast anten i dialog med rettleiar, supervisørar eller i eit evalueringskollegium. Leiar har overordna ansvar for at læringsmål vert vurdert og godkjent og at dette vert dokumentert i Kompetanseportalen.

Forsking

Vi oppmodar deg som LIS til å delta i kvalitetsforbedringsprosjekt og andre prosjekt knytt til forsking. Det blir med jamne mellomrom arrangert ELF-kurs der du kan delta. Spesialistar i psykiatri med akademisk kompetanse har med jamne mellomrom innlegg på LIS-undervisninga for å understøtte og bidra til at du oppnår læringsmål knytt til forskning.

Felles kompetansemål

Felles kompetansemål er ei eiga gruppe av læringsmål som er felles for alle spesialitetar. Tema for desse læringsmåla er samhandling med pasientar og kolleger, kommunikasjon, etikk, pasient- og pårørandeopplæring, pasient- og brukermedverknad, kvalitet og pasientsikkerheit, forskingsforståing, kunnskapshandtering og systemforståing, organisasjonsutvikling og leiing.
Det er laga ein felles plan for å oppfylle felles kompetansemål i Helse Møre og Romsdal. Mykje av dette lærer du medan du arbeider i eiga avdeling og med pasientretta arbeid og det er viktig å hugse på at dette er ein viktig del av det å utøve legeyrket. Utanom vanleg klinisk arbeid, skal mellom anna også alle LIS 2/3 delta på rettleiingskurs, vere med i tverrfaglege og tverrprofesjonelle faglege møter, vere med i teamarbeid der det er aktuelt, delta i pasientopplæring i eige fag, vere med på gruppevegleiing for oppsette tema og også delta på nasjonale og lokale kurs. Du skal også vere med i eit forbetringsarbeid eller forskingsprosjekt på eiga avdeling, til dømes kan dette vere å forbetre ei prosedyre eller eit pasientforløp.

Individuell utdanningsplan

Du skal ha ein individuell utdanningsplan som skildrar kva utdanning du skal gjennomføre og korleis dette skal gjennomførast. Individuell utdanningsplan er dermed både ein utdanningsplan og ein gjennomføringsplan. Denne vil til dømes skildre når du skal i spesialiseringsperiode til universitetssjukehus, og også i kva grad det er mogleg/naudsynt med rotasjon internt i vårt foretak. Eigne malar skal nyttast til dette. Rettleiar, du og din leiar vil saman lage din utdanningsplan innan to veker etter at du har starta.​

Utdanningsutval

Dei psykiatriske avdelingene ved Molde og Kristiansund sjukehus har felles utdanningsutval. Dette utgjerast av 3 overlegar, 1 LIS, 1 psykoterapirettleiar og ein avdelingssjef. Det er overlege som er leiar av utdanningsutvalet.

Utdanningsutvalet møtest om lag 3 gonger kvart semester. Ulike saker knytt til spesialistutdanning og LIS blir drøfta. I tillegg blir det arrangert samling for alle LIS og overlegar i psykiatri i Molde og Kristiansund to gonger pr. semester der ulike aspekt ved spesialistutdanning blir drøfta. LIS har eiga samling først, deretter samling for alle og til slutt samling for berre overlegane. LIS har til ei kvar tid høve til å kome med innspel og forbetringsforslag. Endrings- og forbetringsforslag blir drøfta både i utdanningsutvalet og ved dei to samlingane kvart semester der alle deltar.

Tillitsvalde

Det er felles YLF-tillitsvalt for Molde/Kristiansund. Denne sit og som fast medlem i utdanningsutvalet og har såleis ei viktig stemme med omsyn til utdanninga. YLF-tillitsvalt er og involert i ei rekke ulike fora saman med tillitsvalt for overlegane. Tillitsvalt handterer og andre saker og spørsmål som LIS ved avdelinga måtte ha. I tillegg er det YLF-tillitsvalt på sjukehus- og foretaksnivå.

Kontakt

For spørsmål knytt til spesialistutdanninga, kontakt:
Overlege og leiar for utdanningsutvalet, Geir Magne Nødtvedt - tlf 71 12 00 00
 

Her finn du ei oversikt over andre spesialistutdanningar i Helse Møre og Romsdal.




Fann du det du leita etter?