Gjennomgår alle forslag til reduksjon av årsverk i føretaket

Alle klinikkar og stabsavdelingar i Helse Møre og Romsdal jobbar med å redusere talet på årsverk innanfor si einig. Dei førebelse tiltak blir no gjennomgått og diskutert med tilsette for å sikre best mogleg løysingar både for pasientar og tilsette.

Nils Kvernmo, adm. dir. i HMR


- For å sikre kontroll på den økonomiske situasjonen i føretaket, så er vi avhengig av å redusere kostnadar i drifta. Dei førebelse tiltaka som er skissert viser at vi er på rett veg og eg vil gje ros til tilsette for deira bidrag til å finne løysingar i ein krevjande situasjon, seier adm. dir. Nils Kvernmo.

Diskuterer tiltaka med tilsette

I første runde har Kvernmo fått i oppdrag å redusere kostnadsnivået tilsvarande 130 utbetalte årsverk. Alle forslag til omstillingstiltak vil bli tema i fleire møte som er avtalt mellom adm. dir. og føretakstillitsvalte. Etter planen skal leiargruppa godkjenne forslaget til årsverkreduksjon 11. september, men før den tid så er tiltaksplanen innom dei lokale driftsråda ved sjukehusa slik at dei kan gje tilbakemelding på kva konsekvensar tiltaka kan få for kvart enkelt sjukehus.

Kravet til omstilling er fordelt etter kor stor del einingane har av det samla underskotet, og kva utsikter ein har for å nå resultatet for 2019. Det er ikkje eit krav at reduksjonen må vere faste stillingar, men ein reduksjon i tal årsverk. Forslaga må vere mogleg å kontrollere og ha ein effekt på økonomien.

Fordeling av årsverkreduksjonen

Tabell som viser fordelinga av årsverkreduksjon

Økonomisk effekt

Ein forventar økonomisk effekt for nokre av tiltaka frå sep./ okt., men truleg også seinare for nokon av tiltaka. Om tiltaka får effekt frå oktober er kostnadsreduksjonen berekna til om lag 20 mill. kroner i 2019 og 85 mill. kroner i heilårseffekt. Styret i Helse Møre og Romsdal får ei orientering i styremøtet 25. september om korleis kostnadsreduksjonen er tenkt gjennomført.

Skisse til tidsplan

Skisse til tidsplan

Bakgrunn

For å løyse den økonomiske utfordringa for Helse Møre og Romsdal i 2019, blei det vedtatt å setje i gang ni prosjekt på ulike område:

1. Reduksjon av meirtid til 2015 nivå
2. Tilpassing av sengekapasitet med meir effektiv og kortare liggetid
3. Endring av tilbodet innan spesialisert rehabilitering
4. Tilpassing av døgntilbodet innan psykisk helsevern og rus
5. Samling av fødetilbodet
6. Tilpassing av prehospital- og intensivtilbodet
7. Outsourcing av støttetenester
8. Produktivitetsauke innan operativ verksemd
9. Effektivisering av arbeidsprosessar gjennom digitale løysingar

Det økonomiske omstillingsbehovet for føretaket var 200 mill. kroner i 2019. Gjennomføring av dei ni prosjekta skulle gje effekt på til saman 137,7 mill. kroner i 2019. Fleire av tiltaka har vist seg å få låg eller ingen økonomisk effekt inneverande år og fleire av tiltaka er av strukturell karakter som medfører omfattande prosessar som krev god dialog med kommunar, brukarar og tilsette.

Det har vore komplekst å køyre mange prosjekt parallelt, noko som har ført til at framdrifta på dei tiltaka som ikkje handlar om strukturelle tiltak har vore for låg. På bakgrunn av dette blei det i styremøte 12. juni lagt fram ei sak der det er lagt auka vekt på tiltak som skal gi rask effekt og som skal medføre ein reell kostnadsreduksjon.

25. september vil adm. dir. orientere om status i arbeidet for å sikre økonomisk reduksjon tilsvarande 130 årsverk inneverande år