Når barn høyrer, men ikkje lyttar

Barn kan verke å vere hørselshemma trass i  normal høyrsel ved standardisert testing. Øyret oppfattar lyden, men hjerna kan ikkje tolke lydsignala ved vanskelege lytteforhald. Dette blir kalt auditive prosesseringsvanskar (APD).

​Auditive prosesseringsvanskar (APD) er ei fellesbetekning på vanskar med å prosessere kva vi høyrer og skyldast ein dysfunksjon i dei sentrale høyrselsbananes bearbeiding av auditiv informasjon.

Typiske kjenneteikn hos barn med APD er vanskar med å lytte i bakgrunnsstøy, problem med å følge munnlege instruksjonar og vanskar med å forstå rask eller utydeleg tale. Disse barna misforstår ofte kva som blir sagt eller fremstår med selektiv høyrsel.

Overlege Tone Stokkereit Matsson

Overlege Tone Stokkereit Matsson er ansvarleg for prosjektet "Når barn høyrer, men ikkje lyttar".

Forekomsten av auditive prosesseringsvanskar er 2 - 5 % hos alle barn og unge vaksne, avhengig av diagnostiske kriteriar. Ein ser ofte at APD er assosisert med anna utviklingsforstyrringar som til dømes lese- og skrivevanskar, merksemdsvanskar eller språkvanskar.

APD representerar ei høyrselshemming som er ny for diagnostisering i Noreg kor det er behov for spreiing av informasjon. Mangel på kunnskap i familie, nærpersonar og hos fagpersonell gjer at barn med lyttevanskar ikkje blir utreda slik at dei kan få optimal tilrettelegging og hjelp.

Prosjektet "Når barn høyrer, men ikkje lyttar" har utvikla skriftleg informasjonsmateriell om barn med auditive prosesseringsvanskar retta mot foreldre, nærpersonar og fagpersonell, for å auke kunnskapen om korleis ein kan hjelpe barna til å få ein betre kvardag.

Bestille trykt materiell:

Send ein e-post til horselssentralen-aalesund@helse-mr.no.

Last ned informasjonsmateriell:

Fann du det du leita etter?
Tilbakemeldinga vil ikkje bli svart på. Ikkje send personleg informasjon, for eksempel epost, telefonnummer eller personnummer.