Informasjonstelefon for ReHabilitering

Informasjonstelefonen for ReHabilitering er ei landsdekkande teneste som gir informasjon om rehabiliterings- og habiliteringstenester.

 

Telefon 800 300 61, måndag - fredag kl 09:00 - 15:00.

Her kan du som pasient, pårørande eller helsepersonell mellom anna få råd og rettleiing om:

  • Rehabilitering- og habiliteringstilbod i helseføretak, kommunar og private rehabiliteringsinstitusjonar
  • Tilvisingar frå fastlegar til private rehabiliteringsinstitusjonar
  • Koordinerande einingar i spesialisthelsetenesta og i kommunane
  • Individuell plan og koordinator
  • Pasient- og brukerrettar knytt til rehabiliterings- og habiliteringstilbod

Telefontenesta er betent av helsepersonell. Den er områdestyrt, slik at du kjem til den regionale koordinerande eininga i den regionen du ringer frå.