Korleis sikrar vi tidleg, rett og koordinert hjelp til barn og unge i risikosona

​Måndag den 11. februar er 200 deltakarar frå kommune, politi, helse og bufetat samla i Ålesund for eit felles avspark for prosjektet “Mission possible" - eit nasjonalt pilotprosjekt innan samhandling på tvers av offentlege etatar. Prosjektet er hovudsakleg finansiert med midlar frå Helse Midt-Norge og gjennomførast som pilot på Sunnmøre. Det overordna målet er å oppnå eit kompetanseløft for dei som arbeider med barn og unge som er i risikosona, og eit av suksesskriteria er å finne ein modell som fungerer på tvers av fag og nivå i offentlig sektor. Aktørane ønskjer å finne smarte måtar å jobbe saman på, som resulterer i betre samhandling og effektivitet, auka kvalitet og betre praksis.

 

Digital erfaringsutveksling

I prosjektet er det utvikla ein lukka digital arena der fagpersonell har tilgang til erfaringar frå andre liknande saker, rettskraftige domar, kurs, forskningsartiklar og litteratursøk. Plattforma gir og fagfolk moglegheit til å ha ein direkte dialog med kvarandre.

 

Kva resultat ønskjer ein å oppnå?
•Rask responstid - samanhengande tiltakskjeder
•Tidleg intervensjon ved psykiske vanskar og lidingar
•Både barn, unge og foreldre skal få betre hjelp – styrka familieperspektivet
•Det skal bli vanskelegare å flykte frå barnevernet
•Koordinerte tiltak for å sikre barns helse og utvikling – redusere sosial ulikheit i helse

 Østlandsforskning skal evaluere prosjektet i heile prosjektperioden.

 

Partar i prosjektet

Kommunane på Sunnmøre, gjennom Sunnmøre Regionråd, Bufetat Region Midt Norge, Helse Møre og Romsdal, Politiet, Senter for ledelse, Scan4news.

For meir informasjon om prosjektet og Helse Møre og Romsdal si rolle i dette, kontakt klinikksjef Ove Økland (Klinikk for barn og unge) tlf. 90 04 37 90 eller kommunikasjonsdirektør Trine Kvalheim 45 46 56 80