Det nøyaktige talet på deltakarar er vanskeleg å seie, men 40 steder deltok på videokonferanseutstyr eller Skype. De fleste steder satt det fleire saman.
Det å samle så mange har sine utfordringar, men takka være HelseNett og ryddige deltakarar vart det ingen store problem. Litt styr med å få vis PowerPoint var det, men til slutt gikk det også.
Foredraget
Kort fortalt snakka Professor Steinsbekk om korleis motiverande intervju og endringshjulet er blitt sentrale verktøy innan endring av åtferd både innan læring og meistring og innan arbeidet med friskliv. Dei vert ofte knytt saman. Delvis av historiske grunner.
Likevel er har skaparane av Motiverande intervju, William R. Miller and Stephen Rollnick, skreve at «MI is not based on the transtheoretical model» som en av 10 ting motiverande intervju ikkje er.
Endringshjulet
Steinsbekk fortale om om MI, endringshjulet, samanhengen mellom desse og om kritikken av endringshjulet. Dette danna grunnlag for diskusjon blant deltakerane. Her kom det fram at mange hadde god erfaring med å bruke endringshjulet i samtalar med pasientar/brukarar. Folk kjenner seg igjen og kan reflektere over kor dei er i prosessen. Steinsbekk trakk til frem andre forklaringsmodeller som også kan brukast. Han la vekt på at dette ikkje var eit innlegg mot endringshjulet, men eit utgangspunkt for refleksjon.
Ny konferanse høsten 2017
Dette er den andre regionale videokonferansen om forsking og læring og meistring. Folk frå heile landet deltok og det var om lag 100% auke frå første gongen hausten 2016. Til Hausten vil Nasjonal Kompetanseteneste for Læring og Meistring innan Helse halde ein litt større konferanse.
Deltakerane kom frå både kommunar og spesialisthelseteneste. Dette er ein effektiv og økonomisk måte å drive forskingsformidling på.
Endringshjulet og MI med Aslak Steinsbekk 3 mai 2017
Steinsbekk Atferdsendring MI og Stages of change LMS videokonf 0201517.pdf