HELSENORGE

Å meistre livet med ADHD

- Å leve med diagnosen ADHD kan for mange opplevas utfordrande.

​Meir innsikt, kunnskap og forståing kan bidra til ein lettare kvardag. Dette var bakgrunnen for at ADHD-Norge foreininga  tok kontakt med Lærings og Meistringssenteret (LMS) for 3 år sida seier Bente Bae Olsen.
Slik vart det fyrste kurset for vaksne med ADHD til. No er kurset evaluert og endra ein god del på bakgrunn av desse erfaringane og 11. og 12. september arrangeras det nye kurset i Kristiansund.

Møte andre

Kurset har no ein klarare vaksenprofil og er opent for alle over 18 år. Erfaringane er at dei faglege innlegga er svært nyttige, men kanskje aller viktigast er det å få møte andre med same utferdingar og dele erfaringar. Brukarmedveknad er sentralt da brukarar har vore med både i utviklinga av kurset og er ein av kursleiarane  på kurset.

Å meistre livet.

Hovudtema for kurset er «å meistre livet med ADHD». Det er innlegg frå farmasøyt, fysioterapeut, og psykolog, NAV, ADHD -Norge Møre og Romsdal/Vårres avdeling Kristiansund, kommunens koordinerings- og tildelingsteneste og Kristiansund vidaregåande skule . Arrangør er poliklinikken ved Kristiansund DPS i samarbeid med Lærings- og meistringssenteret og  ADHD Norge-avdeling Møre og Romsdal.


Du må ha henvisning frå lege for å delta på kurset. Henvisninga kan ordnes ved å  kontakte ditt fastlegekontor.


Sjå meir informasjon:

Om kurset