Aktivitetsplan 2017

Mange kurs til pasientar og pårørande våren 2017

 

Læring og meistringssenteret har no laga ei ny oversikt over kurstilbod for pasientar og pårørande våren 2017.

Mange kurs

Aktivitetsplan inneheld ei oversikt over tilboda i Molde, Ålesund, Volda og Kristiansund. Knapt 100 ulike kurs finn du i lista og mange av desse går fleire gonger.

Her er kurs for både unge og vaksne og innan psykiatri og somatikk. Det er stort sett avdelingane ved sjukehusa som arrangerer kursa i samarbeid med Læring og mesitringssenteret og brukarar/brukarorganisasjonar. I aktivitetsplanen finn du og informasjon om tilvising, eigenbetaling, refusjon av reiseutgifter og utgiftsdekning for pårørande.

Aktivitetsplan LMS.pdf