Saman med Helse Møre og Romsdal og Sjustjerna helse og omsorg arrangerer Høgskulen i Volda seminaret "Det gode liv - heile livet." Målet er at dette skal bli eit årleg arrangement under Forskingsdagane.
Det gode liv
Innleiingsvis under seminaret reflekterer professor Roar Amdam, Avdeling for samfunnsfag og historie, over kva det gode liv kan vere, før vi får presentasjonar av lokale prosjekt som "Palliasjonsprosjektet" ved prosjektleiar Anette Tarberg, Ulstein kommune og "Kvardagslivsrehabilitering" ved ergoterapeut Monica Gustavsen, Ørsta kommune.
Musikk og demens
Høgskulelektor Øystein Salhus, Avdeling for kulturfag, vil spele for oss og samstundes demonstrere korleis sang og musikk kan nyttast i demensomsorga.
Vidare vil førsteamanuensis Bente Hasle, Avdeling for samfunnsfag og historie, presentere funn frå eit felles forskingsprosjekt med Mental Helse Ungdom om Sårbare barn og unge og brukarmedverknad. Korleis kan profesjonelle helse- og sosialarbeidarar både realisere retten til barnet til medverknad og retten til meirbeskyttelse fordi det er i ein vanskeleg livssituasjon?
Barndom
Vi beveger oss frå palliasjon, rehabilitering for eldre, deltaking for barn og unge over til den tidlegaste barndommen og avsluttar seminaret med Margreth Olin sin omdiskuterte film "Barndom".
Forskingsdagane
Læring og meistringssenteret har på vegne av Helse Møre og Romsdal vore med å planlagt arrangementet som er ein del av Forskingsdagane i Volda. Forskingsdagane er ein nasjonal og årleg festival, som dei siste åra har hatt meir enn 1.000 arrangement over heile landet, og vert i år arrangert for 23. gong. I fjor vart det sett publikumsrekord for Høgskulen i Volda sine arrangement med over 2000 publikummarar.
Hovudtemaet for Forskingsdagane er i år «Verdiar». Innanfor dette temaet er det mange møtepunkt mellom arbeidsliv, næringsliv og organisasjonsliv i regionen og forskarane ved Høgskulen i Volda.
Tid:
Måndag 25. september, 18.00.
Stad:
Berte Kanutte-huset, rom 161, (store BK), Høgskulen i Volda.
Meir om Forskingsdagane i Volda 21.-28. september