Personer med Parkinson og deira pårørande skal være trygge på at dei får god og målretta oppfølging frå helsetenestene. Kommunen har eit ansvar for å sikre forsvarlige tenester til pasientar og pårørande og spesialisthelsetenesta skal bistå kommunane med å sikre forsvarlig og nødvendig kompetanse.
Fagkonsulent ved Lærings- og mestringssenteret Astrid Ljøkjell Solem
– Der kjem fagdagen inni biletet fortel Solem. - Hensikta med fagdagen er å heve kompetansen til fagpersoner i Møre og Romsdal.
- Det er viktig å forstå, eller snarare få eit innblikk i, korleis det er å ha Parkinson og korleis det er å være pårørande til ein person som har Parkinson. Fagdagen vert arrangert i samarbeid med Parkinsonforeininga så både pasientar og pårørande sine stemmer vert høyrt.
- Parkinsonforeining er så positive til at vi får til ein fagdag at de spanderer lunsj og bevertning på alle deltakarane.
Gå hit for å sjå fleire detaljar og melde deg på.
Romsdal Parkinsonforeining, Nordmøre Parkinsonforeining, Nevrologisk avdeling Molde og Lærings- og mestringssenteret, ønsker med denne fagdagen å gi et lite bidrag til å auke forståinga for sjukdommen og for å betre tenestene til alle med Parkinson og deira pårørande.