HELSENORGE

Endeleg til Søre Sunnmøre

Rettigheitskurset «Kva er viktig for meg og familien?» er no endeleg kome til Søre Sunnmøre og Kulturhuset i Ørsta. Kurset tar opp korleis du som har eit barn med ei eller anna utfordring knytt til helse og som gjer at du treng kontakt med hjelpeapparatet, kan finne fram i jungelen av rettigheiter. Det er også ope for ungdom over 16 år. Datoen er flytta til 21.november.
Hjelpe- og støtteordningar for barn, ungdom og deira familie

​Samarbeid

Helse Møre og Romsdal har langt frå vore åleine i planlegginga. NAV, representantar frå Ørsta og Volda kommune og brukarorganisasjonar har alle vore med i planlegginga av kurset og vil vere tilstade på kursdagen for å presentere eigne tilbod.

Sentralt i kurset er eit torg med representantar frå hjelpeapparatet og brukarorganisasjonar.  Det er satt av god tid til å besøke torget og der kan deltakarane få råd, svar på spørsmål eller få meir informasjon  om det som gjeld den enkelte familie.

Tilbakemeldingar frå foreldre

Rettigheitskurset er eit resultat av tilbakemeldingar frå foreldre som har delteke på ulike kurs- og gruppetilbod arrangert av Helse Møre og Romsdal. Foreldre har då klart uttrykt eit ynskje om å få vite meir om ulike rettigheiter.

Brukarrepresentantar har vore med i planlegginga av  kurset for å gjere det så aktuelt som mogeleg for målgruppa. I tillegg skal foreldre og unge fortelle korleis dei har blitt møtt og fått hjelp i sin situasjon. Vi har også eit håp om å få med oss ein representant frå det nyleg etablerte ungdomsrådet i Helse Møre og Romsdal på sjølve kursdagen!

Alle diagnosar

Kurset er ikkje diagnosespesifikt, og difor opent for alle uansett kva for ei utfordring dei har. Kurset er gratis og foreldra kan søkje om opplæringspengar for å delta.

Ellen Langnes, frå Lærings- og meistringssenteret seier at erfaringane er at kurset er nyttig for mange foreldre og ho oppmodar foreldre om å melde seg på.

Meir informasjon

NRK Møre og Romsdal sin omtale av tilsvarende kurs i Ålesund