På Litteraturhuset i Oslo er 3 føredragshaldarar samla og føredraga vert streama og vist ein rekkje stader i Noreg. Ved hjelp av SMS kan alle stille spørsmål til føredragshaldarane.
- Dette er nytt for oss i Epilepsiforeningen i Møre og Romsdal seier leiar Peggy Sætre Hove og vi er spent på oppslutninga. Ofte har vi problem med å skaffe gode føredragshaldarar til seminara og om ein har eit seminar ein plass i fylket vert det lang reise for mange.
For alle
- På denne måten kan vi tilby dei beste føredragshaldarane og på same tid kan pasientar, pårørande, venner og fagfolk møtast lokalt ved sjukehusa for å utveksle erfaringar. Vi vonar difor at mange nytter høvet til å ta med pårørande, venner og andre til desse samlingane. Det kan være lærar, kollegaer og andre som har nær kontakt med den som har epilepsi og som føler behov for å lære litt meir.
- Vi vonar og at mange fagfolk setter av kvelden seier Hove. – Eg er viss på at dei vil ha god nytte av føredraga og samtalen med pasientar og pårøande.
Epilepsiforeninga vil vere til stades i Ålesund og Volda. Ein representant frå LMS vil være vert på alle samlingane og ein del fagfolk har alt meldt frå at dei kjem.
Når og kvar
Tidspunktet er 7.september 2017 kl 18-21.
- Volda: Kløvertun ved sjukehuset
- Ålesund: Aulaen på sjukehuset
- Molde: Festsalen på sjukehuset
- Kristiansund: Aulaen på sjuekhuset
Du finn nærare informasjon om kvart enkelt arrangement her:
Pasient- og pårørandeopplæring
Kurset inneheld faglege føredrag om følgjande tema:
- Terapiresistens, oversikt og mekanismer
v/ prof II Erik Taubøll, Rikshospitalet
- Diettbehandling barn/voksne
v/ Kathrine Cammermeyer Haavardsholm,
klinisk ernæringsfysiolog, Spesialsykehuset for epilepsi
- Nevrostimulering (VNS, DBS)
v/ nevrolog Hrisimir Kostov, Oslo universitetssykehus
Alternativ
Om du ikkje kan kome vil det være mogleg å følgje føredraga på eigen PC.
Du vil finne informasjon om det på www.epilepsi.no
Føredraga vil vere tilgjengeleg i etterkant, men da er det ikkje mogleg å sende inn spørsmål.