HELSENORGE

Fagdag og arbeidsøkt: Kommunikasjon og minoritetshelse

- En del av befolkninga i Norge har bakgrunn frå andre land. Nokre av dei har gjerne utfordringar når det gjelder språk og helseforståing og har andre referansar enn folk som har vakse opp i Noreg seier rådgivar i Lærings og Meistringssenteret Stein Conradsen. - Det er godt dokumentert at dei på fleire områd har fleire helseplager enn befolkninga elles og at dei nyttar seg høvesvis lite av helsetenestene, noko som igjen bidrar til unødvendig uhelse. Dette kan være utfordrande for både minoritetane sjølve og for helsetenesta.

Fagdag og arbeidsøkt: Kommunikasjon og minoritetshelse          Illustrasjon: Colourboks

​Dette er bakgrunnen for at Helse Møre og Romsdal har gått i samarbeid med fleire etatar i Molde kommune. Målet er arbeide samen for å vidareutvikle kompetansen på dette området og inviterer difor alle interesserte til fagdag og arbeidsøkt på Knausen måndag 22. oktober.

Målet

- Vi ynskjer både å gi deltakarane ny kunnskap og samtidig sette av tid til erfaringsdeling og diskusjon seier Conradsen. – Vi tenkjer oss at vi skal legge grunnlag for vidare forpliktande samarbeid slik at arbeidet ikkje stopper med denne dagen. I Molde har vi gjennom samarbeide mellom Lærings og Meistringssenteret, Medisinsk avdeling, Flyktningtenesta, Helsestasjon for flyktningar og Frisklivssentralen lagt et godt grunnlag for vidare samarbeid. Men kor skal den vidare vegen gå? Det er ei oppgåve for arbeidsøkta på slutten av dagen.

Kunnskap

Frå Nasjonalt kompetansesenter for minoritetshelse (NAKMI) er vi så heldig å få besøk av Warsame Ali. NAKMI er ein sentral faginstans på dette området og arbeider for å fremme kunnskap om helse og omsorg for innvandrar og etterkommaren deira i Noreg. Ali har en mastergrad i psykologi og er forskar på NAKMI. Han vil snakke om Kommunikasjon og språkbarrierar.

- Vi veit at det tar lang tid å lære et språk godt seier Conradsen. - Språkbarrierar er ei utfordring for helsetenestene. Forsking på språkbarrierar viser at det mellom anna fører til dårlegare pasientsikkerhet, dårlegare compliance og auka liggetid. Pasient og lege må komme til en felles forståing og språkbarrierar er då problematisk. Kommunikasjon er et samarbeid!

Etniske minoritetsgrupper i Norge med frå Asia og Midt-Østen har betydelig høgre førekomst av diabetes type-2 enn majoritetsbefolkninga. Frå Stover og Universitetet i Oslo kjem fastlege Ahn Thi Tran og fortel om korleis ein laga opplæringstilbod og kva ein fekk til. Sentralt var at helsepersonell viser evne og vilje til å sjå forbi eigne kulturelle og profesjonelle verdiar for å forstå brukerane sin ståsted. Det krev at helsepersonell har fleirkulturell kompetanse til å møte og handtere pasientar med minoritetsbakgrunn sine  behov.

Vegen vidare

Medisinsk avdeling ved Molde sjukehus, Molde kommune og flyktningtenesta vil fortelje om lokale erfaringar med helsekommunikasjon. – Vi tenkjer oss at dette er innleiinga til ei arbeidsøkt i grupper kor målet er å komme fram til konkrete tiltak for vidare arbeid seier Conradsen. – Det er viktig å ende opp ein stad kor det er konkrete ting ein kan jobbe vidare med. Velkommen til fagdag og arbeidsøkt i Molde!

Tid:

Mandag 22. oktober 2018. Kl: 10:00-16:00.

Sted:

Knausensenteret, Nøisomhedvegen 12, Molde.

Meir informasjon og påmelding