Finn hjelpetiltak for pårørande i ditt nærområde

Ny oversikt for pårørende

Pårørendesenteret.no er ein ny landsdekkande nettside for pårørande. Dei har utvikla ei kartteneste kor du kan søke opp din kommune eller fylke og finne lenker til hjelpetiltak i ditt nærområde. Oversikten er utvikla i samarbeid med BarnsBeste og nasjonalt kompetansenettverk for barn som pårørande.

 

Stiftelsen Pårørendesenteret

Bak tenesta står Stiftelsen Pårørendesenteret som vart etablert i Stavanger i 1998. Senteret vert finansiert av offentlege tilskot.

Senteret har samla kvalitetssikra informasjon om korleis ta vare på eiga helse, familien og barna sin situasjon. Du finn og informasjon om rettigheiter og muligheiter i møte med helsetenestene.
På sidene finn du ei rekkje historier om andre sine erfaringar i rolla som pårørande. Ingen kan formidle erfaringar, håp og muligheiter betre enn andre som er eller har vært i same situasjon.
Du kan ta og kontakt med Pårørandelinja for rettleiing.

Pårørendesenteret