Inflammatorisk tarmsjukdom (IBD) er ein samlebetegnelse på kronisk betennelsessjukdom som rammar mage - /tarmkanalen. Morbus Crohns sjukdom (MC), ulcerøs kolitt (UC), samt uklassifiserbar kolitt. Dei fleste IBD-pasientane er unge ved diagnosetidspunktet (15-25 år for MC og 25-35 år for UC) og må ofte leve med sin kroniske sjukdom gjennom eit langt liv. Sjukdomsforløpet er svært varierande; frå milde og sjeldne forverringar til utbredd og alvorleg tarmbetennelse som krev gjentakande kirurgiske inngrep. Sjukdomen er i stor grad uføreseieleg, der det er viktig å tilpasse behandling og oppfølging individuelt.
- Målet med kurset er auka kunnskap og forståing av sjukdomen og korleis ein betre kan meistre kvardagen, seier Ervik. - I slike høve er det alltid lærerikt å møte andre med same sjukdom og utveksle erfaringar. Fagpersonar vil gi råd og rettleiing.
- Pårørande er også velkomne til å vere med på kurset. Vi veit at pårørande ofte kan føle seg makteslaus og at det til tider kan vere hardt og utfordrande.
Kurset går over 2 dagar og er for dei som har diagnosane Ulcerøs Colitt (UC) eller Morbus Crohns (MC).
Meir informasjon kan du finne her