Kurs for deg som nyleg har fått MS

Molde sjukehus

Multippel sklerose (MS) er ein nevrologisk sjukdom som rammar sentralnervesystemet (hjerne og ryggmarg). Nervetrådar frå nervecellene i sentralnervesystemet er kledd i ei isolasjonskappe (myelinskjede) som gjer at signala blir leia raskare mellom sentralnervesystemet og resten av kroppen. Ved MS blir både myelinskjeden og sjølve nervetrådane i hjernen og ryggmargen skada. Dette gjer at nervesignala forstyrrast eller blokkerast.

 

​Ein reknar i dag med at over 12.000 personar i Noreg har MS. Over dobbelt så mange kvinner som menn har sjukdommen. Det er nokon mindre forskjellar mellom landsdelane. Trøndelag og Møre og Romsdal har den høgaste førekomsten.

Forskarane veit ikkje sikkert kvifor  førekomsten har auka . Den kan ha samanheng med kartleggingsmetodane, som har blitt betre de siste åra. Men det kan og ha samanheng med at personer med MS lever lengre enn dei gjorde før. Det kan skyldast at oppfølginga i helsevesenet er blitt betre, og at ein har fått betre behandlingsmetodar for komplikasjonar ved sjukdommen.
Bremsemedisinane for attakkvis MS, som nå har vore tilgjengelege i over 20 år, kan og ha spelt ei rolle.

500 til 550 kvart år

I følgje helsenorg.no reknar ein med at mellom åtte og tolv personer per 100.000 innbyggarar årleg får sjukdommen. Det vil seie at mellom 500 og 550 personer per år får sjukdommen, i ei befolkning på fem millionar.
                      
I Møre og Romsdal kan ein rekne med at 30-50 personar får diagnostisert MS kvart år. Å få ein MS-diagnose vil naturlig føre til spørsmål om kvardagen og framtida både for personer med MS og deira pårørande. Nevrologisk avdeling ved Molde sjukehus, i samarbeid med Lærings og meistringssenteret og MS forbundet, arrangerer kurs den 14. og 21 mars, for deg som nyleg har fått ei diagnose.

Tema på dagane blir:

Sjukdomsforståing, ulike behandlingar og oppfølging, rettigheiter/skule og arbeidsliv, fysisk aktivitet, brukarhistorie, erfaringsutveksling m. m
Påmelding til nevrologisk avdeling: tlf 71 20 04 80 innan 04.03 2019

Mer informasjon om kurset