Når sjukdomen er komen langt må ein lære å leve med sin sjukdom. Difor arrangerer Poliklinikken for lungesjukdommar kurs for pasientar med alvorlig grad av KOLS og deira pårørande. På kurset vil ein mellom anna ta opp forståing og behandling av sjukdommen , inhalasjonsteknikk, brukarhistorie, kosthald og ulike tilnærmingar til aktivitet m.m.
Ta styringa
Plagene i luftvegane går ut over aktivitetsnivået og det er lett å resignere og isolere seg eller kjempe vidare utan at å få hjelp til å betre situasjonen. Dei fleste trenger hjelp til å tenke positivt og sjølv ta aktivt del i – og ansvar for – behandlinga. Då er viktig å ha kunnskap om den medisinske behandlinga. Det gjør deg tryggare. Eit kurs er ein god start på sjølv å ta styringa.
Trekk inn familien din
God informasjon og god støtte til familien er ofte avgjørande for en god livskvalitet. Kols er en utfordring også for familien rundt det. Ta difor med pårørande på kurset. Oppmuntring og forståing er basert på trygghet og kunnskap.