Kurs i Kristiansund om atopisk eksem

Kurs for foreldre til små barn og aktuelle fagpersoner.

Tre prosent av alle spedbarn får atopisk eksem.                       Foto: Colourbox

​Atopisk eksem er en tilstand med tørr, kløande og betent hud som særlig rammer små barn. Tre prosent av alle spedbarn får atopisk eksem. Sjukdommen kan forkomme i alle aldersgrupper, men den er vanlegast hos barn under fem år.

Personale i barnehagen

Det er foreldre som må gi den daglege behandlinga og det krev kunnskapar om sjukdommen og om å gi behandlinga rett. Dei får og ofte ei oppgåve med å instruere og forklare personale i barnehagen om barnet sine problem og korleis dei skal bidra i behandlinga.

Klinikk for kvinner, barn og unge i Kristiansund i samarbeid med Lærings- og mestringssenteret held med jamne mellomrom kurs for foreldre og aktuelle fagpersoner.  – Tidligare har fleire helsesystrer vært deltakarar på kursa og det har vore positivt. Vi ynskjer også at fleire frå barnehagane deltar slik at ein kan få ein kompetanseheving på dette området i barnehangane seier fagkonsulent ved Lærings- og mestringssenteret Astrid Ljøkjell Solem. – Vi trur at det gir ein ekstra verdi at foreldre, helsesystrer og personale frå barnehagen deltar på same kurset.

Solem ber foreldre som ynsker å gå på kurset om å tipse om kurset til barnehagen kor barnet går.

Ein møteplass

På kurset møter deltakarane ei rekke ulike fagpersonar og ein brukarrepresentant. Ei rekkje tema vert tatt opp, frå kva eksem er, kosthald, ulike produkt, behandling og rettigheiter. – Etter kvart som ein har fått erfaring med kurset og fått tilbakemeldingar frå deltakarar har ein lagt meir og meir vekt på det praktiske, slik som beste måte å smøre kremer og annan behandling avsluttar Solem.

Meir informasjon om kurset.