Ei rad foredragshaldarar tar opp tema knytt til meistring og håpet er at dei til saman skal kunne kome nærare svaret på kva nøkkelen til meistring er.
Målgruppe
Målgruppa for fagdagen er helsetilsette og ledarar i helseføretak og kommunar, Nav-tilsette, brukarorganisasjonane og andre interesserte.
Kva er meistring
«Kva er eigentleg meistring, og korleis kan vi som fagpersonar fremme det
hos andre?» er sprøsmålet som professor Roar Amdam frå Høgskulen i Volda stiller og svarar på i sitt innlegg.
Førsteamanuensis Helga Løvoll tar på si side utgangspunkt i oss sjølve som brukar eller menneske og spør korleis vi kan tilfredsstille våre grunnleggande psykologiske behov.
Godt samarabeid
De andre foredraga tar opp sider ved dette møtet mellom helsepersonell og brukar for å belyse dei element som til saman kan gi eit godt resultat av samarbeidet. Toril Kvisvik frå LMS fokuserer på brukarmedverknad og opplæring i pasienten sin helseteneste. Svenn Andrè Alvestad går heilt inn i familien gjennom å fortelje historia om då dei for første gong gleda seg til sumaren.
I tillegg vert tema som velferdsteknologi, fleksible kommunale tenester, friskliv og meistring tematisert.
Arrangør
Nettverket for Læring og meistring på Nordre Sunnmøre består av kommunane på Nordre Sunnmøre, brukarrepresentantar, Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester og Lærings- og mestringssenteret i Hese Møre og Romsdal. Fagdagen er eit tiltak i nettverkssamarbeidet.
Heile programmet