Kurs i Kristiansund
-Har du artrose kjem ikkje dette som nokon overrasking på deg. Du kjenner det på din eigen kropp. Det seier fagkonsulent ved LMS Helse Møre og Romsdal Astrid Løkjell Solem. – Heldigvis fins det mykje du kan gjere sjølv. Mykje kan du oppnå med fysioterapi og trening. Å bli passiv kan forverre artrosen og føre med seg andre sjukdommar.
- Det er ikkje alltid så lett å komme i gang og det krev litt kunnskap å gjer ting på rette måten. Difor har vi i Helse Møre og Romsdal kurs for folk som har artrose og som ikkje er operert. Snart er det kurs i Kristiansund. Nærare bestemt 28. og 29.januar.
Mange tema
-Vi tar opp mange tema og mange dyktige folk frå sjukehuset og Kristiansund Revmatikerforening deltar fortel Solem. - Tema som kva er artrose, kosthold, bevegelse og legemidlar vert tatt opp desse to dagane. Målet er at du sjølv betre skal kunne leve med artose. Då er sjølvsagt også brukarinnlegg og erfaringsutveksling viktig.
Vil du vite meir så følg denne linken:
Artrosekurs ved Kristiansund sjukehus