Studieforbundet Funkis har utarbeidd eit kurs-konsept som inneheld verktøy for å lage gode endringsprosessar, hjelp til å finne nyttige mål, og til å gjennomføre dei.
Endring
Endring må komme innafrå, og må skapast av den enkelte. Å jobbe saman med andre i liknande situasjon, vil for de fleste, kunne auke motivasjonen og sansynlegheita for å nå sine mål er større når man opplever og hjelp og støtte frå andre.
Endring tek tid. Gjennom aktiv jobbing, både munnleg og skriftleg, vil ein kunne lære seg teknikkar som kan brukast etter at kursperioden er over.
Kurset
Kurset tar opp mange ulike tema, som skal styrke den enkelte og legge grunnlaget for gode meistrings-opplevingar. Som døme kan nemnast; korleis kommuniserer vi med andre? Korleis handtere utmatting? Kvifor er avspenning, kosthold og fysisk aktivitet viktig å være bevisst på? Korleis takla problem og vanskelege kjensler?
Det blir oppstart i Molde den 25.09. Kurset går over de 6 påfølgande tysdagar, a`2,5 timer, frå kl.12.00 til kl. 14.30 i FFO sine lokalar på Folkets Hus i Molde
Kurset vert leia av brukarar til-knytt Funkis, med Lærings- og meistringssenteret som støttespelarar.
Diagnoseuavhengig
Kurset er diagnoseuavhengig og ein treng ikkje henvisning frå lege.
Man får utdelt kursmateriell, og det blir enkel servering på kvar kursdag.
Kursavgift er kr. 400 som dekkjer alle utgifter
Påmelding til:
Annlaug Stavik tlf.: 454 18 550 mail: morfunkis@gmail.com
Kari Anne Nerland tlf.: 71 21 77 85/ 476 63 021 (LMS)
Frist for påmelding: 10.09 2018.
Program i pdf
Av:
Kari Anne Nerland