HELSENORGE
AVLYST PÅ GRUNN AV SJUKDOM

Mestring med Funkis i Molde

Mestring med Funkis i Molde er desverre avlyst på grunn av sjukdom.

Kari Anne Nerland frå LMS, Annlaug Stavik og Steinar Waksvik får FUNKIS

​«Mestring med Funkis» er, som tittelen seier, eit mestringskurs. Det er diagnoseuavhengig og helt styrt av brukarar. Tanken bak kurset er at menneske med ulike helseutfordringar og livssituasjonar hjelper kvarandre med å sette ord på vanskar og hindringer for så å bestemme seg for passande delmål (mestringsplaner). Deretter er det gjennomføre desse med det utgangspunktet kvar og ein har.

Studieforbundet Funkis har utarbeidd kurs-konseptet «Mestring med FUNKIS» som inneheld verktøy for å  lage gode endringsprosessar, hjelp til å finne nyttige mål, og til å gjennomføre dei.

- Kurset er for deg som har helseutfordringar i kvardagen og som er motivert til å arbeide med endringar og nye mål ut i frå den situasjonen du er i seier Fagkonsulent Kari-Anne Nerland ved Lærings og mestringssenteret i Helse møre og Romsdal HF. - Kurset går over 6 kursdagar, på dagtid og skal være i Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon sine lokalar i Molde sentrum. Start 19. februar 2019.

Kurset har fokus på mestring og målet er økt livskvalitet og en betre kvardag. Difor tar ein opp tema som mestring, endring, problemløysing, kosthold, fysisk aktivitet, avspenning, kommunikasjon og motivasjon.

Kurset vert leia av brukarrepresentantar frå Studieforbundet FUNKIS. Det er også eit samarbeid med Lærings- og mestringssenteret i Helse Møre og Romsdal og Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon (FFO). Voksenopplæringsforbundet (VOFO) har støtta med prosjektmidlar.

Annlaug Stavik og Steinar Waksvik frå FUNKIS er kursleiarar. Dei har lang erfaring med å meistre eigen sjukdom og er godt rusta til å leie eit slikt kurs. På spørsmål om kvifor folk skal melde seg på «Mestring med Funkis» kommer det raskt frå Annlaug: - For at den som sliter skal få ein betre kvardag. Steinar supplerer med at ein må sjølv ta tak for å få til endringar og dette kurset er en fin moglegheit til det.

- Endring må komme innafrå, og må skapast av den enkelte seier Annlaug.  - Å jobbe saman med andre i liknande situasjon, vil for dei fleste, kunne auke motivasjonen og trua på å nå eigne mål er større når man opplever hjelp og støtte frå andre.

- Endring tek tid seier Steinar.- Gjennom aktiv jobbing, både munnleg og skriftleg, er det mogleg å lære seg teknikkar som kan brukast også etter at kursperioden er over.