Vi er også glade for at kurset for folk med Parkinson og deira pårørande er kome i gong igjen i Ålesund. Også er vi litt stolte av at kurs i rettigheiter no er komme inn i eit fast løp og vil haldast ein gong årleg i kvar av dei 4 store sentra i fylket. Dette er eit kurs for foreldre og føresette til barn i skulealder og for ungdom over 16 år.
Samlekatalog
LMS har no publisert samlekatalogen over kurs og grupper for opplæring av pasientar og pårørande for våren 2018 på websidene til Helse Møre og Romsdal og i desse dagar vert den sendt ut til legekontor, kommunar, apotek, brukarorganisasjonar og andre aktuelle samarbeidspartnarar og mottakarar.
I år har vi fått hjelp av ei gruppe PR-studentar frå Høgskulen i Volda til å ta bilde og dei som fylgjer med på Facebook vil i løpet av vinteren merke at dei og har bidrege med meir informasjonsmateriale. Denne kampanjen har foreløpig namnet «Finst det eit kurs for meg». Følg med.
Heile føretaket
– Det er viktig å presisere at det er heile føretaket som står bak alle desse tiltaka og utan stor aktivitet frå helsepersonell ved avdelingane ville ein så stor aktivitet ikkje være mogleg. LMS er ein støttespelar og pådrivar og er gjerne delaktig i tilboda, men det er dei ulike fagmiljøa som i samarbeid med brukarorganisasjonar står for det meste av arbeidet.
Over 100 ulike kurs
Katalogen gjelder for våren 2018. I den er det lista opp 102 ulike kurs for eit stort tal ulike diagnosar og målgrupper. Mange av desse går fleire gongar våren 2018.
- Det er eit stort arbeid berre å samle informasjon inn til å lage katalogen seier Kvisvik. – Det vil nok kome tilbod om kurs og grupper i haust som ikkje er nemnt her. Da vil dei dukke opp på nettsidene på sida pasient- og pårørandeopplæring. Og finn du ikkje eit tilbod som passar for deg eller dine så ta kontakt med LMS. Då kan vi sjå om det er moglege å få til noko.
Facebook
- Facebook er også ein stad kor nye tilbod vil verte marknadsført fortsetter Kvisvik. – Ofte dukkar det opp moglegheiter som kan realiseras på kort varsel. På Facebook kjem det også anna nyttig informasjon for pasientar og pårørande.
Ei hovudoppgåve
Opplæring av pasientar og pårørande er ein av helseføretakas 4 hovudoppgåver. I nasjonale helseplanar og i Helse Midt-Norge sin strategi fram mot 2030 skal det leggas til rette for at pasientane i større grad har moglegheit for å bli ein del av behandlingsteamet. Pasientar og pårørande må då få informasjon og opplæring som gjer dei i stand til å meistre eigen sjukdom og situasjon.
Sammarbeid
- Samarbeid med kommunane og opplæring av helsepersonell og brukarar er og viktige oppgåver for å styrke opplæring av pasientar og pårørande seier Kvisvik. – Målet er best mogleg opplæring til flest mogleg. Vi er eit stykke på veg, men for å nå målet må føretak, kommunar og brukarorganisasjonar samarbeide.
Kvisvik avsluttar med ei oppfordring. - Som pårørande eller ein person med ei kronisk diagnose eller langvarige helseplagar kan du bidra til utbygging av tilboda neste gong du er hos fastlegen med å spørje: Finst det eit kurs for meg?
Link til katalog over kurs og grupper våren 2018
For meir informasjon: Toril Kvisvik 95781432 Toril.Kvisvik@helse-mr.no