HELSENORGE

Ny vri på opplæring i helsepedagogikk

HMR har i fleire år hatt helsepedagogiske opplæringstilbod, men denne gongen har brukarorganisasjonane vore aktivt med i planlegginga og skal delta i opplæringa. Dei veit best kvar skoen trykkjer og kva pasientane og pårørande er best tent med når det gjeld opplæring og meistring.

​Brukarorganisasjonane veit best kvar skoen trykkjer og kva pasientane og pårørande er best tent med når det gjeld opplæring og meistring.

Målsetting

Målsettinga er å sette brukarrepresentantar og tilsette betre i stand til å gjennomføre og delta i gruppebaserte opplæringstiltak for pasientar og pårørande.

Helse Møre og Romsdal tilbyr opplæring i helsepedagogikk over to dagar og ein ettermiddag til representantar frå brukarorganisasjonar, tilsette i Helse Møre og Romsdal og i kommunar i Møre og Romsdal fylke.

Teori og praktiske øvingar

Kurset er ein kombinasjon av teori og praktiske øvingar. Deling av erfaringar mellom helsepersonell og brukarrepresentantar frå pasientorganisasjonar er sentralt.

Målsettinga med kurset er å sette brukarrepresentantar og tilsett i stand til å gjennomføre og delta i gruppebaserte opplæringstiltak for pasientar og pårørande.

Avgrensa tal plassar

Det er eit avgrensa tal på plasser og vi har som mål at det vert ein lik fordeling mellom brukarrepresentantar, tilsette frå Helse Møre og Romsdal og frå kommunane.

Program for kurset i helsepedagogikk
Link til utlysning av kurset i helsepedagogikk