KOLS er ein samlebetegnelse på en gruppe kroniske lungesjukdommar som fører til hindra luftstrøm gjennom luftveiene.
Stor pasientgruppe
- KOLS er ei stor pasientgruppe og det er derfor gledelig at det har komme i stand eit nytt tilbod til denne pasientgruppa ved Volda sjukehus seier lungesjukepleier Hildegunn Rotnes ved medisinsk poliklinikk. - Kurset går over to dagar på Kløvertun ved Volda sjukehus og vi synes det er fint om pårørande er med.
- Du klarer meir enn du trur seier Arne Kåre Tennebø som sjølv har KOLS grad 4. - Kvardagslege gjeremål som å ta ein dusj eller plukke opp noko som har ramla på golvet er oppgåver som eg må samle krefter for å gjere.

Arne Kåre Tennebø
Tennebø er leder i LHL på Vestnes og skal være brukarrepresentant på kurset. Han vil dele sine erfaringar med å leve med KOLS og snakke om korleis han meistrer kvardagen.
Eit steg på vegen
Kurset har som mål å gje pasientane innsikt i behandling, førebygging og meistring. Kunnskap er eit steg på vegen for betre å meiste å leve med KOLS. Rotnes fortel at fleire pasientar har fortalt henne at det positive vendepunktet kom da dei hadde vore på eit lærings og mestringskurs eller på eit rehabiliteringsopphald.
Meir informasjon finn du her
Arrangør er medisinsk poliklinikk med Volda sjukehus og Lærings og mestringssenteret i samarbeid med brukarorganisasjonen LHL.
Kontaktpersonar:
Hildegunn Rotnes, medisinsk poliklinikk Volda sjukehus
Espen Ervik, Lærings og mestringssenteret