HELSENORGE
- stor aktivitet i Helse Møre og Romsdal

Opplæring av pasientar og pårørande

- Vi er stolt over aktiviteten i Helse Møre og Romsdal når det gjelder opplæring av pasientar og pårørande seier seksjonsleiar for Lærings- og meistringsenteret (LMS), men det er likevel eit godt stykke fram til vi er der at alle som har behov får eit tilbod om opplæring.

Dette bilde pregar framsida på katalogen. Sjå etter den hos fastlegen, på apoteket eller last den ned frå websida til Helse Møre og Romsdal. Foto: Bastian Fjeld

​LMS har no publisert ein samlekatalog over kurs og grupper for opplæring av pasientar og pårørande på websidene til Helse Møre og Romsdal og i desse dagar vert den sendt ut til legekontor, kommunar, apotek, brukarorganisasjonar og andre aktuelle samarbeidspartnarar og mottakarar.

Heile føretaket

– Det er viktig å presisere at det er heile føretaket som står bak alle desse tiltaka og utan stor aktivitet frå helsepersonell ved avdelingane ville ein så stor aktivitet ikkje være mogleg. LMS er ein støttespelar og pådrivar og er gjerne delaktig i tilboda, men det er dei ulike fagmiljøa som i samarbeid med brukarorganisasjonar står for det meste av arbeidet.

Over 100 ulike kurs

Katalogen gjelder for hausten 2017. I den er det lista opp over 100 ulike kurs for eit stort tal ulike diagnosar og målgrupper. Heile 19 av dei står det kontinuerleg bak. Det vil seie at dei går regelmessig gjennom heile året.

- Det er eit stort arbeid berre å samle informasjon inn til å lage katalogen seier Kvisvik. – Det vil nok kome tilbod om kurs og grupper i haust som ikkje er nemnt her. Da vil dei dukke opp på nettsidene på sida pasient- og pårørandeopplæring. Og finn du ikkje eit tilbod som passar for deg eller dine så ta kontakt med LMS. Så kan vi sjå om det er moglege å få til noko.

Facebook

- Facebook er også ein stad kor nye tilbod vil verte marknadsført fortsetter Kvisvik. – Ofte dukkar det opp moglegheiter som kan realiseras på kort varsel. Eit døme på slikt er temakvelden om Epilepsi 7.september som vi saman med Epilepsiforeiningen i Møre og Romsdal kan tilby ved alle 4 sjukehusa i fylket. Her vert føredraga overført via internett, ein kan stille spørsmål til føredraghaldarane og folk frå LMS, Epilepsiforeiningen og fagmiljø vil være til stades.

Ei hovudoppgåve

Opplæring av pasientar og pårørande er ein av helseføretakas 4 hovudoppgåver. I nasjonale helseplanar og i Helse Midt-Norge sin strategi fram mot 2030 skal det leggas til rette for at pasientane i større grad har moglegheit for å bli ein del av behandlingsteamet. Pasientar og pårørande må då få informasjon og opplæring som gjer dei i stand til å meistre eigen sjukdom og situasjon.

Sammarbeid

- Samarbeid med kommunane og opplæring av helsepersonell og brukarar er og viktige oppgåver for å styrke opplæring av pasientar og pårørande seier Kvisvik. – Målet er best mogleg opplæring til flest mogleg. Vi er eit stykke på veg, men for å nå målet må føretak, kommunar og brukarorganisasjonar samarbeide.

Link til katalog over kurs og grupper 2017

For meir informasjon: Toril Kvisvik   95781432  Toril.Kvisvik@helse-mr.no