Oversikt over pasient- og pårørandeopplæring

Katalogen for hausten 2018 er klar

- I disse dagar spreier vi katalogen med oversikt over tilbod innan opplæring av pasientar og pårørande.

 

​- Vi sender ut den trykte katalogen til legekontor, brukarorganisasjonar, apotek, servicekontor og andre  og spreiar den via e-post, web og Facebook seier Toril Kvisvik, teamkoordinator for Lærings- og meistringsenteret (LMS).

– I haust har vi merka ein stor etterspørsel etter katalogen og det er vi svært glad for. I haust inneheld katalogen 93 ulike kurs fordelt på ulike diagnosar dei fire sjukehusa. Nokre er berre for innleggande pasientar, men dei fleste er opne for alle med behov. Dei fleste og for pårørande.  12 av kursa går kontinuerlig men nokre vekers mellomrom.
Totalt vil Helse Møre og Romsdal halde langt over 100 kurs i haust. Kvisvik er imponert  over den store kurs aktiviteten–men vi arbeider for at det skal bli enda fleire da det framleis er pasientgruppar som ikkje får eit tilbod. Vi har eit nært samarbeid med klinikkane og brukarorganisasjonane og talet på kurs stig frå år til år.

Den regionale utviklingsplanen i Midt-Norge

Høyringsutkastet til den regionale utviklingsplanen seier klårt frå at det i åra framover skal satsas på opplæring av pasientar og pårørande. Fleire kurs, betre kunnskap hos helsepersonell, ta i bruk teknologi og styrke samarbeid med brukarorganisasjonar og kommunane. - Regionalt har vi og fått ein handlingsplan som konkretiserer dette arbeidet. Men for pasientar og pårørande er det ikkje planar som hjelper, men konkrete opplæringstiltak.

Heile føretaket

– Det er viktig å presisere at det er heile føretaket som står bak alle desse tiltaka og utan stor aktivitet frå helsepersonell ved avdelingane ville ein så stor aktivitet ikkje være mogleg. LMS er ein støttespelar og pådrivar og er gjerne delaktig i tilboda, men det er dei ulike fagmiljøa som i samarbeid med brukarorganisasjonar står for det meste av arbeidet.

I tillegg til kurs for pasientar og pårørande skal vi og ha kurs for helsepersonell i helsepedagogikk, fagdag om Parkinson og workshop/fagdag om minoritetshelse. Vi er også involvert i rehabiliteringskonferansen i Ålesund 31. oktober.'

- Det er eit stort arbeid berre å samle informasjon inn til å lage katalogen seier Kvisvik. – Det vil nok kome tilbod om kurs og grupper i haust som ikkje er nemnt her. Da vil dei dukke opp på nettsidene på sida pasient- og pårørandeopplæring, og finn du ikkje eit tilbod som passar for deg eller dine så ta kontakt med LMS. Då kan vi sjå om det er moglege å få til noko.

- Facebook er også ein stad kor nye tilbod vil verte marknadsført fortsetter Kvisvik. – Ofte dukkar det opp moglegheiter som kan realiseras på kort varsel. På Facebook kjem det også anna nyttig informasjon for pasientar og pårørande.

Samarbeid

- Samarbeid med kommunane om opplæring av helsepersonell og brukarar er og viktige oppgåver for å styrke opplæring av pasientar og pårørande seier Kvisvik. – Målet er best mogleg opplæring til flest mogleg. Vi er eit stykke på veg, men for å nå målet må føretak, kommunar og brukarorganisasjonar samarbeide.
Kvisvik avsluttar med ei oppfordring. - Som pårørande eller ein person med ei kronisk diagnose eller langvarige helseplagar kan du bidra til utbygging av tilboda neste gong du er hos fastlegen med å spørje: Finst det eit kurs for meg? 

Link til katalog over kurs og grupper hausten 2018

For meir informasjon:

Toril Kvisvik   95781432  Toril.Kvisvik@helse-mr.no