Oversikt over pasient- og pårørandeopplæring hausten 2019

I desse dagar vert katalogen med oversikt over tilbod innan opplæring av pasientar og pårørande i Helse Møre og Romsdal spreidd.

Oversikt over pasient- og pårørandeopplæring hausten 2019

​- Vi sender ut den trykte katalogen til legekontor, brukarorganisasjonar, apotek, servicekontor og andre  og spreiar den via e-post, web og Facebook seier Astrid Ljøkjell Solem ved Lærings- og meistringsenteret (LMS).

– Vi merker ein stor og aukande etterspørsel etter katalogen for kvart år og det er vi svært glad for. Også i haust inneheld katalogen langt over 100 ulike kurs fordelt på ulike diagnosar og arrangert ved dei fire sjukehusa. Nokre er berre for innleggande pasientar, men dei fleste er opne for alle med behov. Dei fleste og for pårørande.  Noen av kursa går kontinuerlig, men med nokre vekers mellomrom. Andre vert halde ein eller to gongar i året.

- Nytt i haust er eit kurs for pasientar med Angelman syndrom. Dette er ei skjeldan diagnose, så et slikt kurs kan vi ikkje ha kvart år. I haust skal det være i Molde.

- Nytt er også KOLS-kurs i Volda, artrose-kurs i Molde og osteoporose i Kristiansund. Også håper vi å få til eit stomikurs i Molde i haust, men dato er ikkje fastlagt enno. I haust har vi fått også med fleire kurs innan psykisk helse i Ålesund.

Solem er imponert  over den store kursaktiviteten i Helse Møre og Romsdal, men seier at LMS arbeider for at det skal bli enda fleire tilbod. Det er framleis grupper av pasientar som ikkje får tilbod om opplæring nært der dei bur.

Heile føretaket

- Det er ein stor jobb å få saman katalogen, men den gjer også at LMS får kontakt med dei ulike avdelingane.  Det er viktig å presisere at det er heile føretaket som står bak alle desse tiltaka og utan stort engasjement frå helsepersonell ved avdelingane ville eit så bredt tilbod ikkje være mogleg. LMS er ein støttespelar og pådrivar og er gjerne delaktig i tilboda, men det er dei ulike fagmiljøa som i samarbeid med brukarorganisasjonar står for det meste av arbeidet.

- I tillegg til kurs for pasientar og pårørande arrangerer vi kurs for helsepersonell og er involvert i fagdagar i samarbeid med andre fagmiljø.

– Det vil nok kome tilbod om kurs og grupper i vår som ikkje er nemnt her, og då vil dei dukke opp på sida «Pasient- og pårørandeopplæring» på Helse Møre og Romsdal HF si webside. Finn du ikkje eit tilbod som passar for deg eller dine så ta kontakt med LMS, då kan vi sjå om det er mogleg å få til noko.

- Facebook er også ein stad kor nye tilbod vil verte marknadsført fortsetter Solem. – Ofte dukkar det opp moglegheiter som kan realiseras på kort varsel. På Facebooksida til Helse Møre og Romsdal HF kjem det også anna nyttig informasjon for pasientar og pårørande.

Solem avsluttar med ei oppmoding. - Som pårørande, eller ein person med ei kronisk diagnose eller langvarige helseplagar, kan du bidra til utbygging av tilboda neste gong du er hos fastlegen med å spørje: Finst det eit kurs for meg?


Link til katalog over kurs og grupper hausten 2019