Oversikt over pasient- og pårørandeopplæring våren 2019

- I desse dagar spreier vi katalogen med oversikt over tilbod innan opplæring av pasientar og pårørande i Helse Møre og Romsdal.

Katalogen for våren 2019 er klar                   

​- Vi sender ut den trykte katalogen til legekontor, brukarorganisasjonar, apotek, servicekontor og andre  og spreiar den via e-post, web og Facebook seier Astrid Løkjell Solem ved Lærings- og meistringsenteret (LMS).

– Vi merker ein stor og aukande etterspørsel etter katalogen og det er vi svært glad for. I vår inneheld katalogen over 100 ulike kurs fordelt på ulike diagnosar og arrangert ved dei fire sjukehusa. Nokre er berre for innleggande pasientar, men dei fleste er opne for alle med behov. Dei fleste og for pårørande.  Noen av kursa går kontinuerlig, men nokre vekers mellomrom.

- Det er ein stor jobb å få saman katalogen, men for meg som nytilsett ved LMS så har det vore ein god måte å bli kjent med alle tilboda vi har i Helse Møre og Romsdal HF. Litt frem og tilbake med de ulike avdelingane blir det i en slik prosess og da er eg også blitt kjent med dei som er ansvarlige for opplæringa.

Totalt vil Helse Møre og Romsdal halde langt over 100 kurs i vår. Solem er imponert  over den store kursaktiviteten, men seier at LMS arbeider for at det skal bli enda fleire tilbod. Det er framleis grupper av pasientar som ikkje får eit tilbod.

LMS – ein spanande arbeidsplass

Solem har eit halvår bak seg i LMS og trivst i jobben. Ho liker godt at det er eit tverrfagleg arbeid kor ho må samarbeide med mange ulike fagmiljø. Det er og spanande å kunne bidra til at folk tar tak som førebygger vidare sjukdomsutvikling og at dei meistrar livet med sjukdom. – Det er eit privilegium å få jobbe på LMS og å samarbeide med fagfolk og brukarorganisasjonar.

Heile føretaket

– Det er viktig å presisere at det er heile føretaket som står bak alle desse tiltaka og utan stort engasjement frå helsepersonell ved avdelingane ville eit så bredt tilbod ikkje være mogleg. LMS er ein støttespelar og pådrivar og er gjerne delaktig i tilboda, men det er dei ulike fagmiljøa som i samarbeid med brukarorganisasjonar står for det meste av arbeidet.

- I tillegg til kurs for pasientar og pårørande arrangerer vi kurs for helsepersonell og er involvert i fagdagar i samarbeid med andre fagmiljø.

– Det vil nok kome tilbod om kurs og grupper i vår som ikkje er nemnt her, og då vil dei dukke opp på sida «Pasient- og pårørandeopplæring» på Helse Møre og Romsdal HF si webside. Finn du ikkje eit tilbod som passar for deg eller dine så ta kontakt med LMS, då kan vi sjå om det er mogleg å få til noko.

- Facebook er også ein stad kor nye tilbod vil verte marknadsført fortsetter Solem. – Ofte dukkar det opp moglegheiter som kan realiseras på kort varsel. På Facebooksida til Helse Møre og Romsdal HF kjem det også anna nyttig informasjon for pasientar og pårørande.

E-læring og filmar

- I løpet av våren vil ei rekkje e-læringskurs for pasientar og pårørande verte tilgjengeleg på Læringsportalen seier Solem. - Desse kan alle ta i bruk utan å logge seg på. Vi samlar inn kurs og filmar frå dei andre helseføretaka, brukarorganisasjonar og andre fagmiljø og samlar dei i Helse Midt-Norge RHF sin Læringsportal.

Samarbeid

- Samarbeid med kommunane om opplæring av helsepersonell og brukarar er og ei viktige oppgåver for å styrke opplæring av pasientar og pårørande seier Solem. – Målet er best mogleg opplæring til flest mogleg. Vi er eit stykke på veg, men for å nå målet må føretak, kommunar og brukarorganisasjonar samarbeide.

Solem avsluttar med ei oppmoding. - Som pårørande, eller ein person med ei kronisk diagnose eller langvarige helseplagar, kan du bidra til utbygging av tilboda neste gong du er hos fastlegen med å spørje: Finst det eit kurs for meg?


Link til katalog over kurs og grupper våren 2019