HELSENORGE

På kurs for å bli betre til å undervise

16 tilsette i Kristiansund kommune og Kristiansund sjukehus var på presentasjonsteknikk kurs den 29. og 30. mars.

Tilsette i Kristiansund kommune og Kristiansund sjukehus på presentasjonsteknikk kurs

​Deltakarane var delt på to kurs. Eit kvar dag. Alle deltakerane har pasient og brukaropplæring som del av sin jobb.

Øvingar

Kurset var lagt opp slik at deltakerane gjennom øvingar, tilbakemelding  og refleksjon i gruppe sto i fokus. Deler av framføringane vart filma med videokamera. Det var det mange som grua seg litt til, men som deltakerane likevel fant nyttig. Deltakerane hadde ulik grad av erfaring, men fann alle mykje dei kunne ta med seg.

- Det er godt sette av ein heil dag til å gå i inn temaet. Det blir ikkje så mykje rom til det i kvadagen, sa ein av deltakerane under oppsummeringa.

Kommunikasjon mellom menneske

Hovudfokus i kurset er kommunikasjon mellom menneske i ein undervisningssituasjon. Målet er at deltakerane skal kjenne seg tryggare i undervisningssituasjonen. Øvingane fokuserte difor på det å presentere eit faglig innhald, det å lede ein diskusjon eller refleksjon kring eit tema og å bruke historier til å eksemplifisere og levendegjere stoffet.

Være seg sjølv

Hovudbodskapen til lærerane Stein Conradsen og Jan Ole Bolsø var at kvar enkelt må være seg sjølv og finne sin eigen stil. I pasient og pårørandeopplæring er truverd svært viktig.

Samarbeidestiltak

Kurset var eit samarbeidestiltak mellom Kristiansund kommune og Lærings- og meistringssenteret (LMS). Lærerane jobbar i Ressurs for opplæring av pasientar og pårørande i Midt-Noreg som er lokalisert til LMS.