Toril Kvisvik, teamkoordinator for Læring og meistring i Helse Møre og Romsdal, er svært nøgd med at ein har fått til så mange kurs og roser klinikkane for innsatsen med å tilpasse seg ein ny situasjon.
Katalogen over kurs vert i disse dagar sendt ut til legekontor, apotek og andre samarbeidspartar og er også lagt ut på Helse Møre og Romsdal sien web-sider. Du finner lenke til katalogen nedst i artikkelen.
Målet med kursa er å styrke kunnskapen til pasient og pårørande slik at dei skal kunne mestre kvardagen på ein best mogleg måte. Dette gjeld både vaksne, born og pårørande. Pasienten sin kunnskap er særs viktig for å kunne førebyggje både seinkomplikasjonar og nye sjukdomar, og for å auke kvaliteten på behandlinga.
- Vi må ta atterhald om gjennomføringa viss Covid-19 aukar. Vi vil då søke å gjennomføre så mange kurs som mogleg gjennom videokonferanse, seier Kvisvik. - Det har vi prøvd i vår og veit at det er mogleg å få til med bra resultat. Har dykk spørsmål om kurs er det berre å ta kontakt. Du finn kontaktinformasjon på siste sida av katalogen.
Her finner du katalogen