HELSENORGE

Regional videokonferanse om forsking og læring og meistring

I oktober 2016 gikk den første regionale videokonferansen om forsking og læring og meistring av stabelen.  Over 100 personer deltok fordelt på om lag 20 steder. Alle tilbakemeldingane var positive så difor vert det ny konferanse 3.mai 2017. Denne gongen med tema endring av åtferd.


Korleis du kan delta finn du informasjon om her


Fagleg ansvarleg er professor Aslak Steinsbekk, saman med forskargruppa for pasientopplæring og brukarmedverknad ved NTNU.

Målgruppe

Målgruppe er tilsette i kommunar, fylkeskommune, brukarorganisasjonar, universitet/høgskular, spesialisthelsetenesta og andre interesserte. Målet med videokonferansane er å presentere oppdatert forsking som er nyttig i utøving av praksis.

Åtferdsendring

Foredraget har tittelen: Åtferdsendring, ved bruk av motiverande intervju og endringshjulet (stages of change). Det vert halde av professor Aslak Steinsbekk.


Det blir lagt opp til drøfting ut frå eigne erfaringar og tid til å stille  spørsmål til foredragshaldar.