Deltakarane blei delt i grupper i forhold til borna sin alder og fordelt rundt på ulike borda. På den måten hadde dei fleire felles utfordringar å dele med kvarandre. Alle innleiarane frå kommunen, inkludert NAV, hadde utarbeid relevante oppgåver til diskusjon etter sine innlegg. Til slutt fekk alle moglegheit til å stille direkte spørsmål til innleiarane ved at dei gikk rundt i dei ulike gruppene.
Ulike tema
Tema som fleire var opptekne av og ynskte informassjon om var til dømes hjelpemidlar, ulike bistandsordningar, motorikk/gym, pedagogiske opplegg i skulen, rett til fri ved born sin sjukdom, oppfølging frå helsevesen og ved opplæring i forhold til diagnosar.
I matpausen kunne deltakarane besøke dei ulike torga, kor blant anna organisasjonane fekk presentera seg.
Tema etter matpausen var verjemål ved fylkesmannen i Møre og Romsdal og innlegg frå Helse Møre og Romsdal om arbeidet med born og unge i helseføretaket.
Arrangør
Arrangør var Klinikk for kvinner barn og unge og Lærings- og meistring-senteret, Helse Møre og Romsdal. Molde kommune og ulike organisasjonar var også tett med i planlegging og gjennomføring. Til dømes kan ein nemne Autismeforeininga, som innleia dagen med ei forteljing om det å ha eit born med aspergers syndrom.
Ut i frå evalueringane som kom inn var deltakarane særs nøgde med organiseringa og innhaldet av dagen. Dei fekk betre tid til diskusjonar og erfaringsutveksling enn tidligare og det å få stille direkte spørsmål blei høgt verdsatt.
Arrangørane var og svært nøgde og håper dette blir ein modell for denne type opplæring i framtida.