Stor belastning
Foreldra fortel at dei ofte vert slitne møtet med støtteapparatet og det er mykje å setja seg inn i. Dei bekymrar seg for søsken og den nye livssituasjonen kan utfordre forholdet mellom mor og far og relasjonar til vener og kollegaer. Slike belastningar kan igjen auke risikoen for å få eigne helseutfordringar. Foreldra har behov for informasjon og kunnskap.
Starthjelp
Lærings- og meistringstilbodet Starthjelp er meint å gi svar på nokon av dei spørsmål foreldra stiller seg i den første tida etter at dei har fått eit barn med nedsett funksjonsevne. Det er blitt arrangert over hele landet sidan 2011. Det er no 7 gong at Starthjelp vert arrangert i Kristiansund. Det har også vore arrangert i Ålesund.
Ein deltakar på eit av dei tidlegare Startkurs sa: - Det er så fint å sitte rundt eit bord og dele erfaringar og høyre at andre har dei same utfordingane som oss».
Målgruppe
Målgruppa er foreldre som har barn i alderen 0-6 år, og er ikkje retta mot ein særskilt diagnose. Barnet kan også være under utredning, men alle må ha tilvising frå behandlar eller fastlege.
Om kurset
På kurset vert det lagt vekt på at foreldre skal få kjennskap til dei ulike tenestene, utfordringar i kvardagen, familie og nettverk, samspill og meistring.
Det vert lagt til rette for erfaringsutveksling og brukarhistorier er ein viktig del av kurset.
Vi ønskjer at begge foreldre deltar, men om dette ikkje er aktuelt, er andre som står barnet nært velkomne til å delta.
Kurset går over 4 dagar, og har startar opp på Kristiansund sjukehus 27.09,- siste dag er 08.11
Meir informasjon:
https://helse-mr.no/arrangementer/starthjelp-til-foreldre-kristiansund-2017-09-27