HELSENORGE

Suksessen i frå Ålesund no i Kristiansund

Familiar som har born med funksjonshemming og kronisk sjukdom opplever det ofte vanskelig å få den hjelpa dei har krav på. 17. januar hadde Helse Møre og Romsdal kurs om rettigheitar i Ålesund. 7. mars er turen komen til Kristiansund.

Amanda Dybendal representerte SAFO og Handicapforbundet                                                                        Foto: Elin Fladseth

Viktig initiativ frå Helse Møre og Romsdal

- Dette er starten på eit samarbeid som er viktig for oss, sa mamma Jannice Haagensen, deltakar på rettigheitskurset i Ålesund  til NRK Møre og Romsdal nyleg.

Link til NRK Møre og Romsdal

Helse Møre og Romsdal satsar på å gjenta suksessen frå Molde og Ålesund i Kristiansund. Kurset er resultat av eit vellukka samhandlingsprosjekt, kor Læring og meistringssenteret, Klinikk for kvinner, barn og unge og Ungdomsrådet i helseføretaket har teke initiativet til eit kurs om rettigheiter og hjelpe- og stønadsordningar for born, unge og deira familie. Det vil bli årlege kurs knytt til alle sjukehusa.

Viktig å møte brukarane der kvardagen deira er 

Helse Møre og Romsdal har langt frå vore åleine; NAV lokalt, representantar frå ulike instansar i kommune og brukarorganisasjonar har alle eit positivt eigarforhold  til kursa. Alle er med i planlegginga og  tilstade på kursdagen for å presentere eigne tilbod. Regelverket er det same i alle kommunar, men tenestane kan ha ulik organisering. Det kan gjere det vanskeleg å manøvrere for familiane. Kurset tek sikte på å gjere det lettare å finne fram i jungelen. 

Opent for alle

Kurset er ope for alle uansett kva for utfordring barnet har. Kurset er gratis og foreldre som er i arbeid kan søkje om opplæringspengar for å delta.

Kva med kurs i Molde, Volda eller Ørsta

Kurs i Ørsta og Volda er under planlegging og er tenkt å finne stad til hausten. Molde var fyrstemann ut og har allereie hatt to kurs. Det ver nytt kurs der også til hausten.