Tillit til leger og opplæring av helsepersonell

- videokonferanse med forskingsformidling for læring og mestring

Onsdag 7.november var det på nytt videokonferanse med forskingsformidling for læring og mestring som tema. Mellom 50 og 100 deltakarar frå heile Midt-Norge og nokre frå resten av landet deltok. 2 innlegg med rom for refleksjon og spørsmål var dagens program.

Hvorfor har vi tillit til leger?

​Tillit

Stipendiat Stein Conradsen refererte ein artikkel av A. Rolfe m.fl. Conradsen hadde gitt sitt innlegg tittelen «Hva kan bidra til tillit til leger og andre helsepersonell? Har kommunikasjon og pasientopplæring noen rolle her?»
Conradsen starta med den enkle konklusjonen: Vi veit ikkje.

Derifrå gjekk han nærare inn på begerpet tillit. Han sa at i den teoretiske, filosofiske og metodiske litteraturen om tillit er det ulike innfallsvinklar. Noen legge mest vekt på den rasjonelle delen av tillit (kost-nytte-perspektiv), andre meir på det emosjonelle og sosiale osv. Noen vil også seie at tillit ikkje kan eller bør definerast så klart, det er noko alle veit kva er utan at det kan verte fanga i ord.

Opplæring av helsepersonell

Professor Aslak Steinsbekk tok for seg ein artikkel av Hughes S, Lewis: Opplæring av helsepersonell i å støtte pasienter i egenmestring – hvordan virker trening og hva fremmer og hindrer opplæringen?

Steinsbekk påpekte at ein har to nivå når det er snakk om pasientopplæring eller støtte til eigenmestring. Det lågaste nivået er bruk av teknikkar og verktøy. Slik som til dømes å måle blodsukker og sette insulinsprøyte. På det høgaste nivå handlar det om å endre perspektiv.

For at helsepersonell skal ha den nødvendige kompetansen treng dei opplæring sjølve. Derfor må vi forstå korleis opplæring av helsepersonell fungerer og identifisere barrierar og hindringer for gjennomføring av opplæring som har til hensikt å støtte endring i holdning hos helsepersonell.

Her finn du presentasjonane:

Hva kan øke tilliten til leger pdf.pdf

Steinsbekk pres Davies Opplæring helsepersonell støtte pasienter 071118.pdf


Litteratur som vart brukt:
A. Rolfe, L. Cash-Gibson, J. Car, A. Sheikh, B. McKinstry, Interventions for improving patients' trust in doctors and groups of doctors, The Cochrane database of systematic reviews 3 (2014) CD004134.

Hughes S, Lewis S, Willis K, Rogers A, Wyke S, Smith L. The experience of facilitators and participants of long term condition self-management group programmes: A qualitative synthesis.. Patient Educ Couns. 2017 Dec;100(12):2244-2254. doi: 10.1016/j.pec.2017.06.035.