HELSENORGE

Ungdom sine erfaringar er gull verdt

8. November var 23 føresette og andre nærståande på diabeteskurs på Kristiansund sjukehus. Her var fokuset på alt frå insulindosering og ernæring til meistring og psykiske perspektiv. Sentralt var 3 ungdommar som fortalte om sine erfaringar med å leve med diabetes.  Dei teikna eit bilde av at det går an å ha eit godt liv som barn og unge sjølv om du har diabetes. Dei roa føresette når dei formidla at ein godt kan sende ungdommen på hybel sjølv om han eller ho har diabetes.

Ungdom sine erfaringar er gull verdt                                                           Foto: Toril Kvisvik

Ikkje så merkeleg var det dette innlegget som fekk høgast score på evalueringa av kurset

Samarbeid

Sjukepleier Inger Ødegård frå Barneavdelinga var det som hadde trekt inn ungdommane til å holde foredrag. Toril Kvisvik frå Lærings- og meistringssenteret var så heldig å møte ungdommane i samband med kurset.  Ho lurte på kva som hadde vore viktig for dei i møte med helsevesenet og kva dei ynskte å formidle til foreldra. Ungdommane svara at dei hadde fått veldig bra oppfølging frå Barneavdelinga på sjukehuset. Det at dei kunne ta direkte kontakt trygga dei i situasjonen. Dei opplevde eit godt samarbeid mellom dei sjølve og sjukehuset og at sjukehuset også samarbeide godt med foreldra.

Ungdommane trakk også fram kor viktig det er å ha gode vener som er informert om sjukdommen. Dei la og vekt på at lærarane var informert og at skole og sjukehuset hadde ein god dialog.

Mykje nyttig

Etter kurset trakk deltakarane fram meir enn brukarinnlegga til ungdommane. Kommentarane varierte frå at alt var bra til å trekke fram enkelt tema som kosthold og karbohydrat, psykisk helse, insulindosering og ikkje minst gruppediskusjonane.

Ungdom og kurs

Kvisvik opplevde at det å bringe inn ungdommar til å bidra med sine erfaringar er viktig når det gjeld kurs retta mot føresette til born og ungdom.
Vidare har vi fått innspel frå Ungdomsrådet om at ungdommane også ynskjer kurs. Det arbeidet har vi akkurat starta planlegginga med saman med representant frå Ungdomsrådet og vidare fagfolk i HMR.

Kvar haust har vi dette diabeteskurset ved Kristiansund sjukehus og det vert arbeid for å få til eit tilbod også ved andre sjukehus i HMR.