HELSENORGE

Unge med epilepsi – endeleg kurs i Ålesund

Hausten byr ikkje berre på fine farger, men og eit nytt og nyttig kurs for unge med epilepsi. Eit slikt kurs for ungdom over 16 år, og vaksne med epilepsi og deira pårørande, har lenge vore etterspurd i Ålesund.  No kjem det. Kurset finn stad på Lærings- og meistringssenteret ved Ålesund sjukehus onsdag 31. oktober.

Unge og unge vaksne med epilepsi - endeleg kurs i Ålesund                                                             Foto: Ellen Karin Langnes

​Viktig initiativ frå Norsk epilepsiforbund

Tilbodet er blitt til i eit  samarbeid mellom Norsk Epilepsiforbund Møre og Romsdal, Nevrologisk avdeling og Lærings – og meistringssenteret i Helse Møre og Romsdal.

Det finns allereie kurstilbod for foreldre og nettverk til barn opp til 18 år ved Kristiansund og Ålesund sjukehus, men eit tilbod for ungdom og vaksne på Sunnmøre har vore sakna og etterspurd. 

Ynskjer å nå ungdom og unge vaksne

Programmet inneheld difor innlegg frå brukar med erfaring og innlegg om  overgangen frå ungdom til vaksen. Vidare vert det informasjon om førarkort, tilrettelegging i vidaregåande opplæring, utdanning og arbeidsliv. Ein vil sjølvsagt også dele kunnskap om diagnosekriterier og ulike typar epilepsi, medikament og  anfallshandtering. Du kan sjå i brosjyre som det er lenka  nedst i artikkelen for meir om innhald.

Vi er glade for å kunne tilby eit kurs som inkluderer dei i alderen for vidaregåande opplæring og. Pårørande/ føresette til deltakarer kan ha rett på opplæringspengar om dei elles fyller vilkåra. Nærare informasjon vil bli gitt i starten på kurset. Sjå elles www.nav.no
 

Påmelding snarleg og innan 16.oktober

Det er naudsynt med tilvising frå lege for delta. Tilvisinga sendast elektronisk  til Nevrologisk avdeling, Molde sjukehus. Påmelding  på telefon 71 12 04 80.

Kursstad

Lærings-og meistringssenteret v/Ålesund sjukehus, Åsebøen 11, 8.etg.

Sjå brosjyre for meir informasjon her

Informasjon om kurset finn du her