Videokonferanse - forsking på læring og mestring

7. november er vi igjen klar for videokonferanse med nytt frå forsking på læring og mestring. I vår var vi rundt 150 personar som samla oss på Skype og videokonferanseutstyr. Vi vonar å vert minst like mange no i november.

Videokonferanse - forsking på læring og mestring 7. november

​7. november er vi igjen klar for videokonferanse med nytt frå forsking på læring og mestring. I vår var vi rundt 150 personar som samla oss på Skype og videokonferanseutstyr. Vi vonar å vert minst like mange no i november.

Tillit og eigenmestring.

Denne gongen har vi to sentrale tema : Tillit og eigenmestring.
Tillit er en grunnleggjande komponent i forholdet mellom pasient og lege, men kva kan styre og kva svekker forholdet ? Rådgivar og stipendiat Stein Conradsen vil presentere ein artikkel, men han legger neppe frem det endelege svaret.

Professor Aslak Steinbekk vil presentere en artikkel som tar for seg kva som skal til for å støtte pasientar i eigenmestring. Artikkelen bygger på erfaringar frå både dei som underviser og deltakarane i gruppebaserte programmer.

Korleis delta

Det har synt seg at teknologien klarar svært menge deltakarar om vi alle føl ein svært enkel regel : Skru av mikrofonen på Skype eller videokonferanseutstyret du nyttar. Om du ikkje skrur av mikrofonen så vil du forstyrre føredrag for alle deltakarar. Om fleire ikkje skrur av kan alle oppleve eit inferno av lyd som går i sirklar og ingen får med seg noko. Så hugs : SKRU AV MIKROFONEN!

Du kan gå inn å teste når som helst på forehand, sjå info om korleis kople opp lengre ned.

Det vert likevel mogleg å stille spørsmål via e-post. Informasjon vil bli gitt i starten av føredrag og under vegs.

Tips gjerne andre i spesialisthelsetenesta, kommunar, utdanningssektoren og brukarorganisasjonar om videokonferansen.

Adresse for konferansen:

- Skype for business eller videokonferanse: hmr.ropp@uc.nhn.no

- Videokonferanseutstyr i Norsk Helsenett kan også bruke kortnummeret 997142

Program

1000-1005: Start, orientering om program og gjennomføring

1005-1030: Stein Conradsen. Kva kan bidra til tillit til leger og andre helsepersonell? Har kommunikasjon og pasientopplæring noen rolle her?

1030-1040: Diskusjon og spørsmål. Først diskuterast presentasjonen lokalt / i grupper og så kan det sendes inn spørsmål som vert kommentert.

1040-1120: Aslak Steinsbekk. Opplæring av helsepersonell i å støtte pasientar i eigenmestring – korleis verker trening og kva fremmer og hindrar opplæringa? Lokale diskusjonar lokalt / i grupper av et utval av mekanismar identifisert i forskigslitteraturen: Stemmer dei  med vår erfaring, kvifor og kvifor ikkje?

1120-1130: Spørsmål og avslutning. sende inn spørsmål som vert kommentert

Litteratur som blir brukt

A. Rolfe, L. Cash-Gibson, J. Car, A. Sheikh, B. McKinstry, Interventions for improving patients' trust in doctors and groups of doctors, The Cochrane database of systematic reviews 3 (2014) CD004134.
https://www.cochranelibrary.com/cdsr/doi/10.1002/14651858.CD004134.pub3/abstract  

Hughes S, Lewis S, Willis K, Rogers A, Wyke S, Smith L. The experience of facilitators and participants of long term condition self-management group programmes: A qualitative synthesis.. Patient Educ Couns. 2017 Dec;100(12):2244-2254. doi: 10.1016/j.pec.2017.06.035. https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pubmed/28711415    

Om det er spørsmål kan du ta kontakt med

Stein Conradsen: Stein.Conradsen@helse-mr.no