Helseføretaket skal fortsatt varsle om alvorlege hendingar til Statens helsetilsyn og Statens undersøkelseskommisjon for helse- og omsorgstjenesten. Med alvorleg hending, meines dødsfall eller betydeleg skade på pasient kor utfallet er uventa ut frå påregneleg risiko, jfr spesialisthelsetjenesteloven § 3-3a.
Pasientsikkerheit i fokus
– I tillegg til meldingane som vert meldt vidare til Helsetilsyn og undersøkelseskommisjonen arbeidar vi på fleire nivå i føretaket for å avdekke kva type avvik vi har og kvifor dei oppstår. Dette skjer uavhengig av endringane i meldeordninga, seier kvalitetssjef Vidar Hagerup. Meldingar om hendingar kjem inn via etablerte kanalar, og vi set i verk ulike tiltak for å sikre læring og for å få forbetringar der vi ser det er behov for det, seier Hagerup vidare. Kvalitetsjefen påpeiker at dei med bakgrunn i dei meldingane som er komne inn, har sett seg ut nokre område framover som dei skal ha ein ekstra fokus på, og eit av dei er smittevern.