Fekk hjerneinfarkt under vurdering om operasjon

Ein pasient var innlagt for vurdering om operasjon.  Blodfortynnande medikament  ble stoppa, og pasienten fekk eit hjerneinfarkt (uten varig skade).

Kvalitetsrådet i klinikken vurderer det slik at pasienten ikkje fekk god nok individuell vurdering. Helseføretaket si prosedyre om «Blodtynnande legemiddel ved elektive kirurgiske inngrep» er revidert, og prosedyra er implementert i aktuelle avdelingar/seksjonar.

Hendinga ble meldt til Statens Helsetilsyn. Tilsynet har gitt tilbakemelding om at det ikkje er nødvendig med vidare tilsynsmessig oppfølging i saka.