Fekk ikkje informasjon om undersøkinga

Pasient med hjartesvikt og nyresvikt fekk ikkje informasjon om medikamentbruk før røntgenundersøking, og fekk dermed vann i lungene. 

​Før røntgenundersøking blir det gitt væske inn i blodåra. Då pasienten skulle reise heim etter undersøkinga utvikla det seg vann i lungene. Pasienten måtte difor leggast inn på sengepost for behandling. Det viste seg at pasienten ikkje hadde fått beskjed om å ta sin faste vanndrivande tablett om morgenen, og at han ikkje hadde fått informasjon om undersøkinga.

Røntgenavdelinga har på bakgrunn av hendinga revidert si prosedyre i punktet om ansvar og forbereding.

Teksta i innkallingsbrevet/informasjonsskrivet er også endra, slik at pasientene får riktig informasjon til rett tid.