Nyleg operert pasient falt og fekk hoftebrudd

Ein pasient som nyleg hadde fått operert ein arm falt om og fekk eit hoftebrudd.

Hendinga førte til at føretaket har innført Pasientsikkerheitsprogrammet si kunnskapsbaserte retningsline/prosedyre. Det innebærer kvalitetstavle med måling av antall fall, fallskåring og tiltaksplan/fallforebygging.

Avdelingssjefar/seksjonsleiarar skal sikre at helseføretaket si prosedyre blir fulgt.