Miljøsertifisering - Grønt sjukehus

Helse Møre og Romsdal ønskjer å bidra til at Noreg når sine klima og miljømål. Føretaket deltar i det nasjonale prosjektet «Grønt sjukehus», som mellom anna har som hovudmål å innføre miljøleiing, miljøstyring og miljøsertifisering etter ISO14001. Miljøsertifiseringa er eit synleg bevis på at ein organisasjon arbeider for å redusere negativ påverknad på det ytre miljøet, og at vi overheld myndigheitene sine krav.


 

Tilsette i Helse Møre og Romsdal bidrar til å nå våre miljømål. Foto: Kristin Støylen.

Eit miljøstyringssystem bidrar til at vi får oversikt over arbeidsplassens mest kritiske miljøpåverknadar og til at vi kan arbeide systematisk for å redusere desse. 

Sjukehuset sine leiarar skal i samarbeid med alle tilsette ta ansvar for miljøet, og drive verksemda i tråd med føretaket sin gjeldande miljøpolitikk, miljømål og krava i ISO14001, slik at miljøarbeidet blir forbetra kontinuerleg. 

Eit av krava i ISO14001 er at dei som utfører oppgåver for føretaket eller på føretaket sine vegne, og kan forårsake vesentleg miljøpåverknad, er kompetente med omsyn til relevant utdanning, opplæring eller erfaring.

 

Miljøpolitikk

Helse Møre og Romsdal HF skal alltid ha fokus på miljø og klima. Gjennom stadige forbetringar skal vi førebyggje og redusere miljøskadane som verksemda vår kan føre med seg. For å lukkast med det skal vi med opplæring og informasjon auke miljømedvitet på alle nivå i føretaket.

Miljøsatsinga skal vere ein integrert del av kvalitetsarbeidet og av det lovpålagde arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMT). Arbeidet skal vere underlagt same system for dokumentasjon, revisjonar og avvikshandtering, og vi skal heile tida arbeide med forbetringar og justeringar. Vi skal når som helst kunne dokumentere at vi tek vare på miljøet, klimaet, matvaretryggleiken og andre etiske verdiar. Vi skal alltid oppfylle krava frå styresmaktene. 

Vi skal kontinuerleg betre vår eigen miljøkompetanse og samstundes medverke til at kundane og leverandørane våre er med på å sikre ei berekraftig utvikling. I fellesskap skal vi arbeide for å redusere miljøskadar.

Fokusområde

  • Kontinuerleg arbeid med å forbetre system og rutinar for miljøansvarspire, miljø, miljøledelse, helse Møre og Romsdal
  • Oppfylle alle lover og forskriftskrav som gjel ytre miljø
  • Leverandørane vår skal ta miljøansvar og oppfylle miljøstandar
  • Forureining er ressursar på avvegar og skal førebyggjast
  • Akutte hendingar skal straks rettas på
  • Miljømåla og –tiltaka våre skal vere prioriterte og berekraftige
  • Leiarane våre skal fremje miljømedvit, ha ansvaret for å følgje opp eigne medarbeidarar og rette på avvik i si eining

 

Miljømål

  1. Miljøbevisste tilsette
  2. God avfallshandtering og auka del materialgjenvunne avfall
  3. Relevante og målbare miljøkrav ved anskaffing av varer og tenester
  4. Redusert forbruk av helse- og miljøskadelege kjemikaliar
  5. Redusert utslepp frå transport
  6. Redusere forbruket vårt av energi
  7. Sunn økologisk og kortreist mat og drikke

Nyttige lenker

Grønt sjukehus - Det nasjonale miljø- og klimaprosjektet

Kva er ISO 14001

Veileder - Miljøvennlige anskaffelser i spesialisthelsetjenesten