Øvinga pågår i perioden mellom kl 09.45 og 14, der store delar av sjukehuset deltek med alt frå akuttmottak, intensiv og sengepostar til drift og eigedom.
Scenarioet vil vere ein situasjon som fører til både ei CBRNE-hending og ein massetilstrøyming av pasientar til Molde sjukehus. Med CBRNE meinar ein hendingar som har eitt eller flere av disse elementa i seg: (C)kjemisk/(B)biologisk/(R)radioaktiv/(N)nukleære/(E)eksplosiv.





– Vi arrangerer fullskalaøving ved eitt av sjukehusa i helseføretaket kvart år. No er det Molde sjukehus sin tur. Dette gjer vi for å oppdatere planverket vårt og trene samhandlinga slik at vi er godt forberedt om ei større ulykke skulle inntreffe, seier beredskapsleiar i Helse Møre og Romsdal, Hans Olav Ose.
Realistisk øving
For å gjere scenariet så realistisk som mogleg, har arrangørane henta inn legestudentar og sjukepleiarstudentar som skal spele skada under øvinga.